VREID (Fire Walk with Me)

VREID (Fire Walk with Me)

VREID, EINHERJER og KAMPFAR slår seg sammen og legger ut på en 7 kvelders Norgesturne i november. FIRE WALK WITH ME TOUR VOL 1 kalles turneen og er et samarbeid mellom Amber Booking og Metal Hammer Norge. Det hele åpner i Fredrikstad 16/11 og de besøker Drammen, Trondheim, Oslo, Stavanger og Bergen før det hele avsluttes i Tønsberg 26/11. Eternal Terror har sendt noen korte spørsmål til hver av de tre bandene og her kommer bidraget fra VREID.

7 kvelder rundt omkring i Norges land sammen med Kampfar og Einherjer, det må vel bli bra?

Det blir kanonbra. Det er ein knallsolid pakke med høgaktuelle band med lang fartstid. Alle banda har dreve med metal sidan tidleg nittial, og har i 2011 gitt ut album fått strålande kritikkar.  Me har turnert med begge 2 tidlegare, og veit at me kjem til å få det suverent sosialt. Gretne gamle gubber på tur. Her er det berre å møte opp.

Vreid_1_1.jpg

Vreid har nettopp kommet heim etter en USA turne sammen med blant andre Kampfar. Hvordan gikk turen?

Det gikk veldig bra. Fansen i Nord Amerika har ein vanvittig dedikasjon & energi. Konsertane i Hollywood, Montreal & Edmonton blei nokon av dei mest intense klubbshowa me nokon gang har gjort. Der var det alt frå headbanging, moshing, sjølvskading til klining blant publikum. ”Only in America”.

Det ser ut til at fansen over dammen har vært storfornøyde med det de har fått oppleve fra dere. Hvordan føler dere selv det har gått?

Som sagt så gikk det veldig bra. Siden det var vår første headliner tur der, så var me veldig usikre på kva me kunne vente. Då er det deilig å møte slik energi og vilje blant publikum. Folk er veldig gira på å møte banda for å snakke om alt mellom himmel og jord, og har veldig stor kunnskap om tekstar, konsept & bandhistorie. Behandlinga ein får av arrangørar og samarbeidspartnarar er ein heilt anna sak. Det varierte frå knallbra til katastrofalt. Darwinismen regjerer over there, det er ”survival of the fittest”, og pengane som rår.

FireWalkWithMe_11.jpg

Det er nå ca et halvår siden "V" kom ut. Som band flest var dere sikkert superfornøyde med skiva da den kom ut, men hvordan ligger det an i dag? Har dere samme forholdet til skiva eller er det enten forbedret eller kanskje dere ser at noe kunne ha vært gjort annerledes?

Er framleis jævla godt nøgd. Det er 1 år sidan eg var ferdig med miksen, og eg kosar meg framleis med albumet. Vi har spelar mykje av dei nye låtane live, og eg er veldig glad i å spel desse . Responsen frå pubikum er og utruleg bra på dei nye låtane, og ”V” er for meg utvilsamt Vreid sitt beste album.

Hvordan er det med tid til å begynne å tenke videre? Har det dukket opp noen riff og/eller ideer til neste kapittel fra Vreid?

Yup. Nye riff starta vel å dukke opp første veka etter eg var ferdig med miksen av ”V”. Det surrar og går stort sett heile tida med nye idear i topploket. I Mai satte eg meg ned ei veke i studio og jobba med desse ideane. Det resulterte i 4 demolåtar. Har og klar skisse til 3-4 nye låtar, så nå byrjar eg for alvor å sjå konturane av det som blir album nummer 6.

Vreid_V.jpg

Syv år og fem fullengdere, det er ganske produktivt det. Føles det naturlig og godt å kunne gi ut skiver såpass ofte? Vil det bli slik i fremtiden også?

Ja, det føles heilt naturleg for oss. Når eg føler at materialet til eit album er klart, så er det rett i studio. Eg jobbar stort sett med musikk kvar dag, og når tiden er inne så er det berre å kjøyre. på. Du skal gjøre mye før øyrene detter av som ”Mossa” sa. Me har dog ingen plan og å gi ut album så ofte/sjelden som mogleg. Når eit album er klart så er det klart. Om det tek ½ år eller 10 år mellom albuma er heilt irrelevandt for meg.

Hvordan ser ellers fremtiden ut for Vreid? Er det bare kos?

Det er kos, kos og atter kos. He,he, nå har me faktisk ein 2 mnd pause då Stian skal bli pappa igjen. Vreid rekrutt nummer 7 er på veg, så det går stort sett i bleieskift, oppgulp, sinksalve og lite nattesøvn på heile gjengen.  ”Fire walk with me” er neste oppgave, før me avsluttar året med konsert i Moskva saman med Einherjer. Det blir vår første konsert i Russland, noko som blir særs spanande. I 2012 blir det fleire turnear, og me skal gjer eit prosjekt som blir noko heilt anna enn me nokon gang har gjort før. Dessutan så reknar eg med at me gir ut album nr 6 utpå hausten.  Pøka på.

http://www.myspace.com/thepitchblackbrigade

http://www.vreid.no/

http://www.facebook.com/pages/VREID-OFFICIAL/98077122201