KADOTUS – Oslo – Betong

KADOTUS – Oslo – Betong

Klodar vert fødde, klodar forgår, men South of Heaven består. Med ujamne millumrom brakar helvete laust i ein kjellar ved Majorstua.

Og det må vera mykje bra på tapetet seinare i kveld, sidan eit av landets beste live-band, Execration, opnar ballet. Sjølv utan fullstendig Death Metal-myrk ljod er dette hugtakande; musikken til syg Execration sjela ut or deg, ikkje lettfatteleg og snilt som Nile, men underjordisk sint og delvis industrielt. Sist nemnde stilart har eg  problem med, men bandet greiar alltid å binda saman låtane – og konsertane – på ein måte eg ikkje heilt forstår, det "fungerar" berre jævla bra. Vokalen er uvanleg sterk, rå. Dei daudes språk. Ramlande trommingar, sinnsjuke gitarriff; og bassen til Jonas Helgemo er sentral, sidan gitarane ofte kan reise til stadar du trudde var umoglege å nå innan Death Metal.   

One Tail, One Head let venta på seg, jævla lang pause. Men straks er eg blid att, for eg vert verkeleg teke på senga av denne særs livfulle og originale Metalen, Black Metal Rock! Dette svingar verkeleg. Eg som på førehand hadde tenkt "pfff enda eit Black Metal-band frå Trondheim". I staden vert eg ståande glåmsøygd og vantru. Ikkje berre måten dei lagar låtane, som rockar skikkeleg i NWOBHM-inflytelsar, men soundet er ekte, ikkje minst hjå Lucuts som varierar vokalen og ikkje er redd for å lage vanleg "reinvokal", samstundes som bandet let vilt og rått. Gjev meg ein sæl kjensle av villmark og vidder i myrke tidar. One Tail One Head kan skodast i retning av Black Magic. Hail!
 
Det er utruleg kor mykje godt som gøymer seg i myrkret, det ormar og kryp i Metal-undergrunnen, band som ikkje står attende for noko eller nokon. Er berre å koma seg ut or hiet og få med seg desse. I dette tilfellet Kadotus; finsk Black Metal, har i sumar slept andrealbumet "Vaienneet Temppelit" på Werewolf Records. Gjev ein skikkeleg kraftfull konsert, har noko av det same originale i seg som trondheimarane i vokal, særleg, og låtuppbyggjing, likevel særprega i mindre grad enn kveldens to supportband. Meir av høgtempo og hugen min står til desse raske rasande partia, herleg Black Metal-kanonade der! Wall of sound! Stille tempel, du liksom. Kadotus har som nemnt meir å bjo på enn tempo, og den uvanlege vokalen gjer at bandet syner seg outstanding. Vert nesten for mykje på ein kveld for ein gamal gamp som meg. Og til slutt kjem han Lucuts fram att, Sarcófago’s "I.N.R.I." vert covra.