AURA NOIR & AUDIOPAIN – Oslo – John Dee

AURA NOIR & AUDIOPAIN – Oslo – John Dee

Det er i kveld ei heilt særskild hending for Metalheads’en: Audiopain skal spela live igjen. Endeleg.
Med seg har dei Aura Noir (ja, det er slik eg ser på dette, Audiopain er og vert landets kongeband live). Banda trekkjer folk, for her er burtimot fullt.

For fyrste gong på fire år ser eg denne trioen, og fyrste gong med Kickan (òg i Nekromantheon) på trommer, høveleg kar, for her går det fort, FORT!  Riffinga hans Sverre Dæhli er heilt eksepsjonelt bra, ei konstant energiutløysing; trioen gjev frå seg eit intentst sett utan mykje prat og med mykje innestengd speleglede?! Bandet held elden brennande gjennum låt etter låt, utan knask eller knussel. Audiopain meistrar dette med å gjera Thrash’en sin uvanleg og kompromisslaus på ei og same tid. Dette må berre upplevast. Det som set meg fullstendig ut er ljoden, styrt og stelt av Bjørn Hinkel; som han visstnok gjorde det her kvelden for snart elleve år sidan. Eg står fjetra, forventningar er uppfylte og det seier ikkje lite. 

Denne ufatteleg rå og slagkraftige ljoden er kanskje orsaka til at òg publiken står himmelfalne. Lite liv blandt folk, gjev ikkje bandet den responsen dei fortener.

Aura Noir grip ikkje tak i meg på same måten som Audiopain. Eit anna grep. Men like bra for det! For ein kveld! Kan ikkje hugse liknande på lenge. Igjen må eg nemna denne herlege og balanserte ljoden, ein rett høgre i millumgolvet, det er noko gamaldags Metal-klassisk over den. Kan lika Aura Noir som kvartett, med Aggressor og Blasphemer på gitarar, og Kristian Valbo innlånt frå Obliteration som trommeslagar. Dei to banda skil seg som nemnd frå einannan, kvar og ein blandt publikum får sitt her i kveld, sjølv diggar eg – with a fearless grin – den elektriske Black Metalske gitarljoden som stundom kjem glidande ut or høgtalarane. Saman med alt det andre bandet gjev frå seg i kveld; for seiast at Aura Noir kan ikkje laga noko skit, ikkje um dei ville.