SHRINEBUILDER – Oslo – Betong

SHRINEBUILDER – Oslo – Betong

Buckaduzz greiar å fylla rommet med ljod på ein grundigare måte enn mange andre som har freista her i storsalen til Betong. Blytung sjukedelisk Stoner med vokal som ligg midt millum sår og desperat, god autensitet der, men fyrst og fremst skitent, langsakte, innadvend og godt innrøyka; varierar millum helvetes tung til meir atspredte svevande greiar, mest diggar eg desse gjørmete stoner-delane med suggerande ettertrykk. Bandet har moglegvis høyrt Necrosis og slikt, sjølv minner Buckaduzz meg um Electric Wizard i ny og ne, mest i ne, og konserten deira er ei solid uppvisning i styggrock med høgt depresjonsnivå.

Shrinebuilder maltrakterar dei siste restane av lydanlegget, bandet har medlemar godt kjend for alle som likar å pine seg med sonisk vonløyse og gru på ein saktare og meir skjelvande måte enn dei fleste Metalband. Dette er meir Necrosis enn The Obsessed vil eg påstå; svevande parti pregar konserten, gitaren hans Wino gjev likevel frå seg anna enn langstrakte lead-tema, ein sjeldfengd gong eller to vrengjer han ut desse stålriffa sylta av blues, rock og opne, salta sår. Bassisten, Al Cisneros, er ikkje burte heller, fingerspelinga hans lagar myrke vibrasjonar som fyller upp ein stakkar, det dirrar uppigjennum ein so amalgammen sprett ut or kjeften, har ikkje høyrt tyngre konsert på lenge. Vokalen hans Necrosis-Scott kjem tydlegare fram enn Wino’s, er lågmelt i samanlikning; synd det, for han Wino har ein av rockeplanetens beste røystar. Ikkje anna å venta, kanskje, for her er mykje LYD i kveld og dessutan assosierar eg vokalen hans med mindre pompøse band som Saint Vitus og før nemnde The Obsessed.

Det går roleg for seg med Shrinebuilder, trass alt. Er gitarane og bassen som kvernar fram det tyngste av musikken; trommestikkene kvervlar høgt bak settet og det høyrast når han treff skinna, dei gjev det ekstra krydderet av desperasjon i sound’et, i tilfelle her er nokon som er på veg til å somna. Konserten er ikkje heilt so rocka som eg hadde trudd på fyreåt, men bandet lagar ei lyd-steming eg skal hugsa ei tid framover.