SUMMON THE CROWS – Oslo – Unholy

SUMMON THE CROWS – Oslo – Unholy

Summon The Crows har sleppelag for albumet "One More For The Gallows", LP sleppast på Ruin Nation Records og CD på Southern Lord. Har høyrt bandet live før og ventar ikkje at dette skal gå pent for seg.

Ingen fåre for det, Summon The Crows’ umråde i Metal er i dei myrkaste krokar, og det dei gjer her i kveld har eit herleg sterkt botndrag i bass og særleg: i tromming som både kjennest og høyrest lang veg. No er ikkje vegen lang til scena her på Unholy (tidlegare Funhouse), tett står folk i det vesle rommet av ein gravkjellar, er nærmast rituell stemning her. Dermed er me inne på vokalen for den er over gjennumsnittleg undead og gravaktug. Utan at eg skal seia bandet er Death Metal, her er ting som òg minner meg um crustpunk og tung Grind pluss brot med småsjuk gitarspeling. Høgtempolåtane på slutten er mine favorittar for kvelden. Synes generelt trioen gjer ein heilstøpt skiten konsert med ein serie halvstutte låtar som frå byrjing til slutt aldri misser det myrke grepet