INFERNO KICK OFF – Oslo – John Dee

INFERNO KICK OFF – Oslo – John Dee

INFERNO KICK OFF 2011 – OSLO/JOHN DEE

Det eg får med meg av Harm kan sanneleg tilrådast ålmugen. Er mildt sagt skeptisk til det dei driv med på albumet "Devil", men live lét Harm fast bra, med utruleg grov og god vokal og med gitarane kvessa i eit slag Thrash Metal-lende i lyden. Men utan dei coole riffa som høyrer med der i sjangeren. Likevel, sørlendingane leverar fleire hakk over godkjend nivå.   

Kan lika meg no, ja. Waklevören står på scena og valsar fram den eine styggheita etter den andre. Her er det pondus og fylde i aggresjonen, høyr den tunge opninga på "En Pest For Oss Alle"! Skikkeleg stemningsskapande, eit fjell av lyd. Heile settet er ufyseleg og jamnt, her er ikkje måte på punch over heile linja, dette er sakar som veit å gjeva beskjed. Punk og betong! Lava og mold! Wv er eit av landets beste liveband.   

Urgehal. Ein Black MetaI-jarnneve med riff og soli, ja, og særleg frå og med "Nekromisantrop" og utover settet tordnar dei fram, bl. a. med den Sepultura-coveren, "Troops Of Doom" trur eg det var, og "The Eternal Eclipse". Småmyrk lyd her, Deaththrash. Den, hm, reinare lyden på Elm i fjor og i 09 var jaggu betre. Men nokon stor rolle spelar det faen meg ikkje. Dette er total strangulasjon av ljos og lukke, bombing av himmelen og helvete, Satan snur seg i grava i natt og vi får eit ekstranummer til slutt: "We Are Unholy" – ja. So går me dit.