GRAVEYARD – Oslo – Blitz

GRAVEYARD – Oslo – Blitz

For den som ikkje har fått det med seg: Blitz har for lengst vorte utbygd til eit stort konsertlokale med høg scene. Her arrangerast konsertar med overraskande folkeleg appell i kveld, til ein luggum pris av sytti kroner.

Sønderknust ligg vel meir i det spesielle umrådet av rock for min del, vert mange rolege parti eg synes berre slik passe um, og trioen fyller på med utruleg mykje basslyd. Gitaristen held utvilsamt eit godt nivå, men ikkje i mi gate. Dei raskare låtane er punka og treffer meg, men altfor få av dei til at eg får hetta av begeistring av denne konserten.

Brutus er eit av tre band i kveld eg ikkje har live-høyrt før. Duka for overraskingar, med andre ord. Brutus med sine to gitarar – og innlånt trommeslagar frå Sirkus Anardo, i fylgje vokalisten – trykkjer breitt og høgt ut eit sett med tung Rock’N’Roll. Av di vokalisten er av det slaget, tenkjer eg straks Black Debbath, men Brutus har nok fleire (eller andre) inspirasjonar, Jimi Hendrix versus Pagan Altar? Sjølv sier dei… Graveyard! Men Brutus kan godt diggast av folk med NWOBHM-dilla òg, med varierte og fengjande låtar. Vokalisten er ein uvanleg utadvendt scenemann, er like mykje av som uppå scena, er nede på golvet og syng, annonserar nestelåta eller diggar sitt eige band i dei instrumentale låtdelane, artig kar, men neppe nokon garanti for ein god konsert. Heldigvis køyrer bandet sin hårdrock sopass inspirert fram at det vert ei likandes uppvarming lell.   

Har vorte bra folksamt her etter kvart. Gledeleg prioritering frå publikum si side, for det er konsertar på kvart eit hjørne i hovudstaden i kveld. So er det eit gromband på gong, òg. Ei reise attende til 70-talet. No er ikkje lyden optimal for eit slikt band som Graveyard, noko for høgt og antyding til skurr. Graveyard syner seg neimen ikkje som noko puseband, trass i eit knøttande lite trommesett, tri skinnbytter pluss basstromma, smell det i harde passasjar og låtane er varierte i tempo med breaks midt inne; måten kompet og rytmene held i saman låtane gjev ei kool kjensle. Musikken kan trygt kallast blueshardrock, for den er godt inne i blues med desse slengjane gitarstrengjane fyller inn, samstundes som dette er sopass tøft presentert at eg trur Metalheads kan ha glede av Gøteborg-bandet. Dette svingar skikkeleg! Graveyard er noko for fans av Witchcraft, med hardare vokal. Verkeleg ein styrkeuppvisning av god gamaldags rock.

http://www.myspace.com/graveyardsongs