ØYA OPEN 2010 – Oslo – Garage

ØYA OPEN 2010 – Oslo – Garage

So er me her på Garage med Obliteration att; dei høgg i gong med sin myrke ekstreme Metal, av det slaget som trengjer i gjennum alle flosklar og klisjear. Sjølv innan termen "old school" syner Obliteration – igjen – at det dei driv med osar av bandets eigen evne til å nyskapa og ny-uppdaga gamal hat-Metal. Kjem godt fram i kveld at dei ikkje er redde for å lata låtane dvela i sakte tempo, gromme seigparti når det neste riffet går ned, ned. Enda so er det konsertens høgtempo-parti eg verkeleg tek av på. Frenetisk riffing og massiv tett, stødug fartstromming utan at råskapen og spontaniteten vert kjøvd; ingen fåre for det, Obliteration er total anti-snobb-Metal. Det skal mildt sagt verta interessant å fylgja dette bandet framover, dei har potensiale utanum det vanlege og er altfor bra for det apatiske Garage-publikummet, snakk um perler for svin.

Mongo Ninja er andre gong eg ser, og synes dei her i kveld er hakket over konserten på Last Train i oktober. Mykje takka vere energien som Pete Evil og Kristopher Schau utfaldar på scena, det er ein fryd å sjå so entusiastiske gentlemen som desse to. Og på grunn av det skitne uttrykket i sound'et dei vartar upp med her, vil seia dette er naudsynt for å få maks ut av konserten. For låtane let enten som skiten punka rock'n'roll eller som hardcore. Sidan det sistnemnde er i overtal synes eg at det er godt dei greier å halda uppe ein sopass høg intensitet og faen-ta-haldning som dei gjer, slik at konserten alltid greier å behalda sin galenskap heile settet igjennum. Nice job! Vonleg kjenner ikkje bandet det som bortkasta å spela for eit statisk publikum som må ramla ned frå månen rett føreåt. Men sikker er eg ikkje.         

Siste bandet skulle vera Djerv i fylgje plakaten, noko stuss er eg over kva dette er (vokalisten frå Animal Alpha, bl. a., visstnok), hadde venta eit heilt anna band og finn fort vegen ut or lokalet. Du får sjå på fotografia i staden.