METAL MERCHANTS 2010 – Dag 2 – John Dee

METAL MERCHANTS 2010 – Dag 2 – John Dee

Andre kveld startar nostalgisk livleg! Torch er på beina att, Dan Dark si røyst er å kjenna att, um ikkje mannen elles. Dette er jo det eg brukte tida til i ungdomen, d. v. s. å høyra på albumet "Torch" og bandet fyrar upp med "Warlock" frå start av. Fire til frå same album, der "Beyond The Threshold Of Pain" er høgdepunktet. Men alle låtane er eigentleg høgdepunkt, for Torch er i storform og fleire Merchantsmaniacs burde ha stått upp til kl. 6 um kvelden og fått med seg sveane sitt sett. Dan Dark har mykje uppdemt energi og nyttar den i alle retningar, kan vera so ymse med å få gjort gitararbeid med han rundt seg. Det går mest utover han sjølv og refrenget på "Sinister Eyes". Låtane "Fire Raiser" og "Electrikiss" står på repertoaret òg, båe desse skivene er ikkje heilt det same som debutalbumet, men legg ingen dempar på koket på scena her. Eit nymekka spor kalla "The Dark Sinner" presenterast, tidstypisk har ikkje dette nye den same vitaliteten som det gamle, rask er den lell, og rågrom riffing av han eine gitaristen.

Necronomicon representerar festivalens tyskarthrash-innslag. Kunne tenkt meg ein annan representant (held Exumer hjula i gong forsatt?), for desse fire i Necronomicon står ikkje for det sjelevekkjande-knusande som fleire andre band frå down there. Som Assassin er dette ikkje! Ei halvvegs tilnærming til Destruction, noko tamt i gitarane, men bra tung trommelyd; dei held attende for det vesle, store ekstra som domenet Åttitalsthrash fordrar. Elles fylgjer dei boka, får bra attendemelding frå dei ankomne på golvet. Trommesoloen kunne vi ha sluppe, trommeslagaren var visst lei på slutten òg, for å sleppa meir måtte han vinka inn att resten av bandet som stod som skulekonsert-tantar på sidene. Irriterande når band vel å gjera so mykje ut av seg når dei ikkje har kongelege bidrag til festen. Betre enn mykje anna "Metal" som fis rundt i eteren, men nedtur etter Torch; både publikum og bandet sjølv hadde vore tent med å hatt Necronomicon som opnarar for kvelden.

Dark Quarterer heiter eit Progband frå Italia. Eit av fire band på årets festival eg var ukjend med namnet på fyreåt. Og for ein overrasking! Musikken stig og dalar, går lett, tungt um einannan. Eigentleg ikkje enkelt å skildra kva som går føre seg. Trio, pluss ein på keyboards som ikkje gjer mykje ut av seg i kveldens konsert, han fyller inn der det trengs. Dei tre andre bass, gitar og trommer rockar saman med kvarandre eller går sine eigne vegar på ein og same tid. Tunge rytmer held desse lange vegane saman, og det vert produsert svevande og vandrande soli og lead-tema av Francesco Sozzi der han står på høgre flanke. Rettleg riffing får me òg høyra stundom. Meir variert og luftigare enn Minas Tirith som er det einaste live-bandet eg har å jamføra med i denne samanhengen, og ljosare vokal. Trass i bandet er synleg stilleståande, han Gianni Nepi med bokstativet framføre seg, haha, og at dei har dei tradisjonelt utradisjonelle Proglåtane, er det lett og hugtakande høyra på. Du kan trygt seia at Dark Quarterer er noko på sida av stilen til dei andre banda på Metal Merchants. Men ingen band på festivalen har framkalla slike hyllingsbrøl frå folket som italienarane. Dei fleste låtane er henta frå albumet "Symbols", ser eg, og dette skal jaggu meg høyrast meir av i heimen.

Slough Feg startar tungt og sakte for verkeleg å lada upp til gitarinfernoet som skal koma – det kjem, til de gradar. Snakk um speleglede! Trykket er stort, vedvarande heftig tromming og bassing. Metal i keltisk form? Eg får i alle fall ei kjensle av dans i rockefoten. Det tek so på Mike Scalzi at han må ned og skifte garderobe fleire gonger, for so å koma upp att til ein rive-duell med medgitaristen ved det eine høvet. Gitarist og vokalist Scalzi er eit uromoment der han dansar rundt mikrofonstativet (båe gonger må han plugge inn gitarkabelen etterpå, hæ, hæ) eller agerar som um han nyleg har klatra ned frå trea. Ape Uprising: For klatre upp att gjer han ved eit seinare høve, ved høgtalarane framved scena. Dette vart mykje um "showet", men sanninga er at Slough Feg spelar frå seg ein tettihopskruva og hardtarbeidande intenst rockande Metal-konsert som fyller rom og hovud. Can you take it?

George Call i Omen verkar å vera ein skikkeleg upplagd kar, smiskar godt og gjer sitt for å få upp stemninga i stova; medan musikken deira gjer resten! Det er serleg dei sju låtane frå fyrsteskiva som får settet til å svinga. Kan sutre um at han Call ikkje har J. D. Kimball (RIP) si røyst, etc. etc.; tjau, men dette er mindre merkbart enn i Tank sitt tilfelle i går. "In The Arena" er sjeleleg og nesten motviljug sunge av Kimball på skiva, her i kveld gjev Call ein høveleg live-versjon av den. Skilnaden på nakkedans-kallet hjå underteikna går millum Omen's tidlege og seinare låtar, det er ein langt friskare dåm over "Battle Cry"-låtane enn over dei seinare. Gjeld òg dei to vi får frå "Warning Of Danger" (som eg kan hugse, he, he) – "Warning Of Danger" og "Ruby Eyes (Of The Serpent)" – tammare, men verkar godt dei òg, det er ikkje det! Nyare sakar, deriblandt ein heilt fersk låt jamfør Call, vert presentert, lèt meir i retning standard Power Metal med Iron Maidenske rytmar. Det er OK nok, men: albumet "Battle Cry" er noko for seg sjølv, då. Kenny Powell, og rytmistane gjer sitt for å halda turbo'en i gong, og Powell er ikkje eldre kar enn at han gjev frå seg ei solo-riving so bartane dryp av sveitte. Mykje av og på scena vert det mot slutten, men so finn dei einannan att og Metal Merchants vert avslutta med tittelpsora frå dei to fyrste Omens.Yessda!

Dette var moro, takk til arrangørane! Det er noko særeige med trykket på John Dee, kanskje nokre band (vel, eit av dei) nyttar dette til ikkje å gjeva hundre prosent, men høveleg initmt. Meir sentralt enn Kanonhallen, ja, ja, men eg likte meg der uppe òg, for på JD har ein berre plass til merchandise på storleik med eit kakelotteri på Samvirkelaget i Byrkjelo, ingen vinylseksjon… Uansett har ein ikkje tid til å floge på shopping for arrangørane har som vanleg grave fram so mange bra band eg må høyra. Eit rettvendt og fokusert upplegg var dette. Hail!