METAL MERCHANTS 2010 – Dag 1 – John Dee

METAL MERCHANTS 2010 – Dag 1 – John Dee

Med Anihilated vert den 2. Metal Merchants-festival sparka i gong so heftugt og typisk sterkt gamaldags at eg berre vert ståande fjetra. Ukjend med dette gamle bandet, stilen deira derimot, er godt eg vandt med; den er sjølvsikkert innkøyrd og framførd av desse fire engelskmennene. For det meste høgtempo med tyngre låtdelar ein sjeldfengt gong, og fyrst og fremst eit tett og herleg medvete uttrykk – smalforma utan dikkedarar. Samstundes som gitarane på flankane sleng inn eit og anna riff og soli av klasse. Vokalist-bassisten tek lett på spelinga stundom, har mykje energi i armane, han, medan vokalen hans er lugumt barsk og rå, rett behageleg er den. Heile settet til Anihilated er eit mektig lydtog med heilstøpt Meeeeetal! frå byrjing until the bitter end.

Solitaire var planlagd å opna ballet i kveld, dei kjem seg til Oslo noko forseinka og går på som nr. to. Utan den same balansen i ljoden som Anhilated, men med eit hardare uttrykk, verkar å vera eit av desse nyvekte Thrash-banda, med slugger-tromming og mektig nok bass til å restarta diarè-anfall hjå publikum. Dette finske bandet er i og for seg interessant nok med mykje variasjon i låtane, men her er spelinga til vokalist-gitaristen  – som har problem med skulderbandet og må halda gitaren uppe – langt frå vellukka, seier seg sjølv; ljoden er ikkje på topp, vokalen vert for tunn. Solitaire har Thrashblodet i årene og verkar kompromisslause, men eg vil heller høyra dei ein kveld utan diverse stressande problem.

Lamented Souls er festivalens einaste lokale band. Ja, MM er ikkje noko lågbudsjettføretak, hit hentar ein band som arrangøren diggar uansett kor dei måtte halda til. Sjølv um dei ofte er ukjende for meldaren, og Lamented Souls er òg dei einaste på programmet eg har høyrt live før. Trass i – eller på grunn av – den langsame Doom'en deira, gjev dei kveldens mest brutale konsert. Vortex frontar på ein jamn og roleg måte, høveleg, for bandet er ikkje ute etter å hause upp noko. Nei, Lamented røyver seg i djupt vatn, med blandt anna grusam knusing frå gitaren til OJ Noir og dystre rytmer over heile scena. Sakte Doom med reinvokal er ikkje ufårleg, kan medføra ovdrykk og sjeleskadar. Um Vortex song noko mindre monotont ein sjeldfengt gong hadde det vore velkome. Hans ljose klagesongar og det tilhøyrande Abandon All Hope frå instrumentalistane er likevel ein so merkverdug blanding at det verkar stimulerande å høyra. For det er tankevekkjande kva ein føra i hop innan ein smal sjanger og samstundes verka nyskapande. Ja, vi får to nye låtar, meir kva dei heiter. Midt under "Var" får vi forresten ein gåvepakke frå lydbordet, for den som hadde gløymt å høyra godt nok etter før har vi brått bandet i dubbelt volum. Takk!

The Lamp Of Thoth syner seg som eit verkeleg attraktivt live-band, der dei fær av stad i Doom- og stoner-lendet. Ein engelsk trio som ikkje har mykje av vokal-kreftene tidlegare i kveld, men som tek det att desto meir instrumentalt. Særs mektig riffing! Kombinert med groovande stoner-rytmer. Mannen med gitaren har ein innbitt innstilling til å levera, sjølv um han har ein uheldig kveld med teknologien, forsterkarar må skiftast rett som det er, skuffelsen og sinnet hans ved eit høve er like ekte som inspirasjonen under spelinga hans. Men det er meir med desse tre enn berre gitaristen, det svingar noko so inn i hampen helvetes hugsamt. The Lamp Of Thoth serverar den eine fengjande låta etter den andre, deriblandt Saint Vitus' "Dark World" og Cirith Ungol's "Frost And Fire". Her har Metal Merchants funne ei løynd perle. Igjen. Kan jamførast med Pagan Altar på fjorårets festival, berre meir groova, som med Pagan Altar er The Lamp Of Thoth eit – for meg – ukjend band som eg må høyra meir av ved nærmaste høve! Publikum i front derimot, er på heimebane og ein av låtane startar med allsong før bandet køyrer den i gong…

Å høyra Tank live er ein stor uppleving for ein som har plassert dette bandet i toppklassa sidan fyrste høyring for 27 år sidan (fan som tida flyg), dei var "der uppe" med Motörhead, Venom, Raven. No er her ikkje stort att av besetninga med Brabbs-gutane og Algly Ward. Han Mark B., einast. Tucker og Evans frå tredje og fjerde skiva står her, då. Doogie White òg. Å erstatta The Voice Of Tank – Algly Ward – er umogleg. White kan å syngja og treffer låtane godt, men forsøplar heilagdomane med hang til å laga opera av vokalen stundom. Dessutan knelar han ned framfør trommesettet for å bla i den helvetes boka si, lærer han inn låttekstar midt under konserten? Tulling. Tank sine tidlege album er ein kongeskatt av grom metallrock, sanne meistarar i å lage riff og låtar med eit tydeleg særpreg. Det hadde rocka enda meir med berre ein gitar, hadde skapt ein tydelegare Motörhead-dåm over låtane, men Tore frå The Battalion gjer i alle fall sitt ved å låna White solbrillane sine, vokalisten ser nesten ut som Abbath i Bömbers-form, he, he. Gilde (nei, ikkje pyrsa) høgdepunkt kjem farande, under deira sett er "This Means War", "Echoes Of A Distant Battle", "(He Fell In Love With A) Stormtrooper" (sjefsmeisterkongelåtogriff!), "Walking Barefoot Over Glass", "Honour And Blood" dei som får meg til å leva. Mange fleire å ta av i den tidlege katalogen, ein kveld er knapt nok, og dette gamle er klårt å føretrekkja framføre dei to nye låtane vi får presentert, som ikkje kan kallast Tank the way it used to be.