KILL – Oslo – Betong/South of Heaven

KILL – Oslo – Betong/South of Heaven

Johnny Tombthrasher står på scena og frontar sitt fyrste band for kvelden, og Ghoul Cult retteleg kokar over av gamal-Metal, strenge i uttrykket og heiderleg inspirert av tidlege myrkemenn som Hellhammer, Celtic Frost og Bathory, her covrast "The Return Of Darkness And Evil". Med ein aning eller to meir Thrash enn denne fyrste Black Metal'en som desse gamle fanatikarane stod for, greier Ghoul Cult å dirra fram den eine velskrivne og varierte låta etter den andre. Her er umogleg å ikkje headbanga! Alle fire i bandet – med blandt anna kjerna i Deathhammer, der Saltsten er å finne på hatbass i kveld – kjem akkurat so brakande Metal ut or høgtalarane som det er råd å få det. Skal ikkje melda bandet si skive frå 2004 her, berre seia at vinylen "Ghoul Cult" burde sendast ut til alle landets heimar pr. postuppkrav som ei lærebok i the Old Arts Of Black Heavy Thrashing Metal. M.E.T.A.L.

Faustcoven kjem ruslande på scena, eg har knapt nok høyrt bandet før, men har høyrt nok um dei til å vera heilspent. Johnny Tombthrasher plasserar seg bak trommene og Faustcoven trør i gong det ondaste eg har høyrt innan Doom Metal. Det er rått, skarpt, riffknusande, skinnhamrande og ikkje minst TUNGT. Men mest ondt, ondt. Stemninga desse fem skapar er utleita frå dei myrkaste krokane nedi Helheimen. Og dessutan frå styggammal Doom; og det meir frå Winter enn frå Electric Wizard, for å seia det slik. Det "verste" er jo at dette er likandes rocka midt uppi alt myrkret, grunna tydelege gamle inspirasjonskjeldar. Vokalisten skjèr frykteleg og kongeleg igjennum, utruleg sterk vokal som kan frysa til is det meste som kjem innan høyrevidde. Kjenner ikkje namnet på mannen, men det finn du ut sjølv, du sit og glanar på Internett allereie.   

Kill frå Goatenburg skal "headline", men det syner seg snøgt at "avslutte kvelden for fyrebanda" er ei meir skildrande nemning. Frå start av legg Kill seg overraskande beskjedent til med tanke på volum og drapsinstinkt. Den svenske Death Metal'en er ekspertar på å få fram sjelege konsertar med jamn lyd, men Kill er eit rettruande Old School Black Metal-band og då er ikkje denne sterke laganden i framføringa noko føremon, tvert um. For medan Ghoul Cult og Faustcoven verkeleg synte og brynte kniven, verkar Kill jamne og tamme midt uppi faenskapen, som dei har greidd å føysa frå seg betre før – på Club Maiden (RIP) i november '07. Kred for satansk tromming, han lever verkeleg upp til bandnamnet, men eg synest likevel det er sjølve stilarten som bergar konserten frå å verta kjedeleg. For det vert den då ikkje, til det er her for overtydde handverkarar til at det går gale, men samstundes er nett dèt problemet. Kan eg nokon gong forlange festfaktor av Black Metal gjer eg det no.

South Of Heaven sin gamle stil med råvaremetall på Bunnpris-nivå (kr.20,-/60,-) er tydelegvis attende, og her var høveleg mykje folk. Bra! Men ved midnattsleite gjekk brått halve hopen. For å feira Lucia? Synest ikkje transporten frå Majorstua-holet er slik eit stress når siste t-bana mot sentrum går ein time etter midnatt.