OSLO DEATH FEST 08 – Dag 2 – Club Maiden

OSLO DEATH FEST 08 – Dag 2 – Club Maiden

6d078f7b7cdabbebc23055f73e385d48.jpg

Kraanium opna 2. dag med fest'ens tettaste pakke av lyd. Grinddeath med stutte låtar, full fart og bråstopp – ferdig, so stod bandet der rett upp og ned som dei gjorde gjennum låten, med unntak av dei sedvanlege folkedansinspirerte trinna til vokalisten. Femte konserten eg høyrde dei, og var likandes, men daudtida millum låtane var kjedeleg. No var det òg noko skruving på utstyr som måtte gjerast, annonseringa av låtane verka halvhjerta som um dei ville titlane berre er noko kvardagsleg trivielt burtheft. Kraanium har sin "sjarm", dei grensar til det absurde, og som vanleg heilt overtydande kompromisslaust. Bandet burde vera eit hjartebarn til Grind/Death fans.

edb98d116d5348a5933eb72fb5712347.jpg

Execration tok rommet med sin tunge Death Metal med bra riff og lange låtar uppdelte i parti. Tidvis veik vokallyd på eine sida,  utover i konserten let det meir tett arrangementmessig, særleg herleg var den myrke, langstrakte growlinga som gjekk over i tung tromming. Dei to vokaliserande gitaristane flankerar bassisten, dette gav tilskot til deira innadvendte DM. To gjestevokalistar var òg frampå, fyrst kleiv Diskord's gitarist Espen fram, snappa ein mike og
growla nokre strofer; på ein seinare låt stod She Said Destroy-vokalisten der og gav oss nokre avsinduge hvin i vant stil. Dette fungerte i og for seg, men sjølv er eg ikkje nokon tilhengjar av slike gjesteupptredenar, det er å svekka heilskapen av konserten. Fleire låtar vart presentert frå skiva "Syndicate Of Lethargy" som er i kjømda – og som eg vil høyra når den ligg klar!
Autopsy vart covra på slutten av settet.

Etter kvart slo dei av kioskmusikken framme i puben og pausene i millum banda vart overkommelege av di eg kunne vandra rundt på Maiden og høyra Metal over alt – som seg høyr og bør under ein Deathfest.
  

beb6bb0a81881bd770c58e34da3e9fa4.jpg

Folket hadde no byrja å finna vegen til konsert, for før på kvelden var det glissent, ja. Kveldens tredje band Grotesque Hysteroctomy leverte utan dei store overraskingane, med unntak av skifte av vokalist sidan sist eg såg dei. Bassisten har teke over, gjorde ein bra jobb der, og var kveldens fyrste tydelege frontfigur – ein som ikkje kvir seg for å kommunisera
med publikum er ein føremon på eit so tett lokale. Etter Execration kjende eg at Grotesque Hysteroctomy ikkje heilt stod seg upp mot fyrebandets endetidshymner av lyd, låtane til GH er stuttare – konserten i det heile var stutt. Åtte låtar, då gut, kva er det? Men det vil ikkje seia at dette var ein dårleg gig. Nei, brutalt var det og fin veksling millum raske og tunge låtar. Og ikkje minst: noko usælt bra riffing frå den eine seksstrengaren – aah!

320574264be5f7a7aef0fadfc7ff4492.jpg

Vi venta lenge på Obliteration, men Sindre vokalist hadde venta lengst: Mykje uppdemt energi som kom fram i form av ålmen lealøyse og rastlaus villskap. Utlåning av mikrofon til publikum for å avslutta verselinjer, luftgitarspeling, og du veit. Deathfest og moro. Enda ein sterk konsert frå bandet, særleg må seia eg har frykteleg stor sans for korleis gitarist Arild treffer strengane, sjølv um dèt ikkje var so tydeleg i kveld. Obliteration hadde dette vesle
ekstra, du høyrde kvar einskild i bandet i gjennum all råskapen. Referansane til Autopsy, Slaughter på 80-/90-talet er der  – "make way for the obliterator" – likevel har dei sin eigen friske (heh) stil med raske taktskifte som treffer når du minst ventar det, og på "Sinstorm" var eg ikkje lenger på denne jord.

Endeleg bra mykje med folk. Og fekk du ikkje med deg bandet no er det lenge til neste høve her til lands, lova Sindre. Verst for deg. Deathfest 2008 er over; lydbileta fungerte stort sett bra på Maiden, noko det plar gjera her i Oslo-Metalens nye stugu. Likevel sit eg fyrst og fremst att med eit solid inntrykk av banda, null robottromming og synthesizersoving. Påstår at alle band hadde ein spirit du ikkje finn hjå nokre av dei etablerte namna som har gjesta hovudstaden dei siste månadane.
          Hail the Metal underground!