OSLO DEATH FEST 08 – Dag 1 – Club Maiden

OSLO DEATH FEST 08 – Dag 1 – Club Maiden

Det er klårt for Deathfest på Oslo-Metalens hovudreir Maiden. To kveldar, 100 kroner pr. aftan og med åtte band frå landets Death Metal-flora, band som enda ikkje er forderva av musikkbusinessen.

ecb18267d15d7184749e87a3443aac37.jpg

Kvartetten The Sickening frå Kristiansund var fyrste band ut. Sjølv kom eg eit kvarter uti settet, vart møtt med ein vanvetug høgtempo og tett Death Metal, med Grind-influensar i mine øyro. Herleg! Under den evinnelege growlinga i gjennum låtane kunne eg høyra lette, raske riff som ga bandet eit enda meir intenst preg. Brutalt opning på Deathfest, som å få juling med ein gong ein kjem på lokalet. Tok publikum på senga med å starte ca. 9.15, lite folksamt, og
ikkje mogleg for vokalisten å få noko respons på ein skål ein gong. Kan verta bekymra av mindre. Men Cannibal Corpse's " Stripped, Raped And Strangled" vekte folk. Bandet har i alle fall grunn til å vera stolte av innsatsen i kveld.

dc75aaf47080ba9bbf16b799182bc066.jpg

År og dag sidan eg høyrte Deject sist, tydelegvis har dei nytta den tida godt. Bandet stod for kveldens mest ortodokse Death Metal. Dei hadde ein tydeleg front i vokalist Erik, to gitarar og Kristian frå Obliteration på trommer. Fekk mykje ut av dei tunge rytmeskifta i låtane, dette gav meg ein god feeling, og i det heile var det ein fengjande konsert av old school DM. Deject sin Cannibal Corpse-hylling var "A Skull Full Of Maggots".

1ec5c909ab167dc22b10d9390777b255.jpg

Lang pause og grundige førebuingar før Diskord starta, men på anlegget i konsertlokalet spela dei Audiopain's siste skive, so alt var berre toppers, som det heiter. Diskord er landets mest særprega band innan ekstrem-Metalen. Eg meiner dei lèt meir disharmonisk enn typisk teknisk. Raske og kaotiske parti som vekslar med desse Doom-prega partia der gitaren, bassen eller trommene får tid og rom til og utfalda seg, før det heile trakkar i gong att, i dystmisk driv med uventa taktskifte. Men fyrst og fremst, kaldt, rått, og med skarp growling, autentisk
rett frå levra utan å vera mosa gjennum miksmastaren. Alle tre delar på vokalen, mest hjå trommeslagar Hans Jørgen og Espen gitarist. Meiner at Diskord er eit band som skulle appellera til mange old school DM fans, grunna den grimme stemninga dei framførde i
kveld. Den uvante låtstrukturen er nok krevjande for mange, òg det visuelle når Hans Jørgen skal ta seg av vokalen medan han sit innhylla i røyk. Bandet var kveldens høgdepunkt, skulle det visa seg, og no var lokalet på sitt mest folksame. 

b39c1c2b04338490bca59cf5585680b8.jpg

The Allseeing I headlina 1. kveld, men deira tekniske og atonale riff, smakte meg ikkje i kveld. Lyden var for tunn, i mine øyro, særleg vokalen. Det vart for dei å hoppa etter perkele, sjølv um TAI har ei langt meir tradisjonell tilnærming til Death Metal enn Diskord og skulle i so måte fylla ut det ein hadde sakna av tradisjonell kontinuerleg headbanging. I staden byrja folk å gå, utan at ein skal leggja so mykje i dèt. Trikketider og heim til ho mor, visst. Allseeing har i alle fall sitt å bidraga med i Metal-jungelen, skal vera visst. Brutale trommer og old school vokal, medan instumenta, særleg gitaren, nytta høvet sitt til å "stikka av" i eigne parti av og til, for so å vera attende i rett tid, og so rasa dei vidare.