Lydia Laska & Grotesque Hysterectomy klare for STØY
- by Eternal Terror Admin
- Posted on 30-06-2007
Lydia Laska og Grotesque Hysterectomy klare for STØY Festival
Dato: 19/20 Oktober 2007 – Meieriet.no – Sogndal
Lydia Laska
Lydia Laska spelar råkk`n råll/punk/metal – umuleg å kategorisere.
Bandet har ein så særeigen stil at til og med Hjertrud oppi dalen ville ha meint at Lydia Laska kunne ha spelt til dans på låven.
Bandet er ein crossover av New York Dolls og The Stooges. Klesstilen ein krysning mellom Elvis skjorter og metal-sminke.
Lydia Laska`s første EP "White Trash Attack" kom ut i 2006 og oppfølgjaren " We`re nothing compared to ourselves " kjem 30 juni 2007.
I 2006 produserte bandet ein video så drøy at puritanske NRK 2 nekta å vise den. Til alles glede flimra den likevel over skjermen på ZTV.
Me gler oss!!
Grotesque Hysterectomy
Grotesque Hysterectomy er Noregs desidert styggaste og eklaste death metal band.
Bandets første fullengdar ( STØY Music ) vil bli sleppt på festivalen i oktober.
Sidan dei starta i 2003 har GH blitt eit av landets mest kjente band i deira sjanger, og med plata som blir sleppt på festivalen, kjem dei til å befeste sin posisjon.
Nocturnal Cult Magazine beskreiv bandet slik: As long as bands of GH's quality and vision continue to purvey their breed of death metal the future seems filled with promise.
Arrangørar og praktisk info
STØY Festival vert arrangert av STØY Inc. og Meieriet, Sogndal.
Festivalpass kostar kr 460,- Det vert også selt dagsbilettar til 285,-
Bilettar fås kjøpt på: http://linuxen.folken.no/nettsalg/sogndal/
Meir info på www.stoy.no