MIDNIGHT + DEAD LORD – Oslo – Revolver

MIDNIGHT + DEAD LORD – Oslo – Revolver

Dead Lord er godt i gong når eg tråvar ned i kjellaren, gjer ingenting for her er alt i sin beste "orden"! Ljod er ypparleg, stilen er ypparleg, bandet er ypparleg. Dead Lord vert eit band med eit drag eg har sakna i rockelendet utan at eg kunna ha sett dette koma; innimellom 80-tals Heavy og 70-tals inspirert stonerrock utan å vera noko av delane. Dreg låtar frå singleen «No Prayers Can Save You know» (sjekk den videoen på Youtube) og albumet «Goodbye Repentance», begge på High Roller Records. Dette er so himla kult, hakket meir hardtslåande enn Til Dovre Faller-konserten, anar eg. Salte meg kor godt dette høver i ein slik kjellarkonsert! Svenskane dreg fram NWOBHM frå det seine 70’s, lét slik ein vil ha tung rock bevara og nyoppdaga; utan å ramla ned i eit utprega nostalgisk sentimentaluttrykk tilpassa femtiåringar som for lengst har forlate Thin Lizzy og temperaturen av gamle dagar. Rolegare sakar høyrast her, men lell!: Dette er kultur på høgste nivå, rytmar og riff i ei høgare eining, igjen ein konsert som held koken oppe heile vegen fram.
Er me klåre for noko meir skitent stuff? Å gå på etter Dead Lord er ikkje berre berre berre berre. Midnight køyrar på som bestilt, kan digga den rå rocka rytma her; Punk Rock’N’Roll. Med vekt på punk. Og rock’n’roll. «Sjangeren» er eigentleg midt i blinken for min del, men bluesrocksoloane på Satanic Royalty»-albumet er visst ikkje i trioens sinnelag i kveld. Noko tjukt smørar de på, det er på førehand venta, her er lause kanonar på dekk. I det heile teke: Jau.