HOLLOW – Oslo – Elm Street
- by Olve Kolden
- Posted on 26-11-2010
Support-bandet Ullsokk (ja, dei heiter so) spelar eit slag roleg…tja.
Men eg synest heller ikkje Hollow lev upp til Metal-namnet dei har/vil skaffa seg. Vert riktig nok gjort skarpe ting på gitaren og dei to andre instrumentalistane verkar òg tende og velspelande; men vokalen er for tam og snill der den skal vera utriveleg og sint. Hollow sitt eige låtmateriale verkar å vera sopass bra at det fortener meir guff og tyngde. Stemninga hjå kveldens publikum er bra, må likevel seia at konserten fell inn under desse cheesy-sosiale seansane som er so altfor vanlege her på Elm: Lite trykk frå scena, og mykje mas um å digga. To coverversjonar av Ozzy, "Crazy Train"; og den der "Mama"-låta, men då går eg.
http://www.myspace.com/hollownorway