VREID – Om krig, fred og politikk og sånn!!!
- by Trine Lindh Justad
- Posted on 18-01-2009
Sogningene Vreid er aktuelle med skiva "Milorg", som har høstet bra kritikker all over. Dette er deres fjerde plate i løpet av deres fem år som ''vredens'' band, så har du ikke hørt om de før, bør du gå i skammekroken, for disse gutta er kommet for å bli!
Mesterhjernen Hvàll var ikke sen med å svare på mine spørsmål, på ekte dialekt….
Milorg (MILitær ORGanisasjon, som var den norske illegale motstandsorganisasjonen som oppsto under den andre verdenskrig) er en hyllest til det norske motstandsfolk. Innspillingen startet på den symbolske datoen 8. mai -nøyaktig et år etter at "I Krig" ble utgitt….
Var jo ein symbolsk dag å starte på ja. "I krig" kom jo ut 8. mai 2007, og då var eg allereie i gang med å jobbe på det som skulle bli "Milorg". Brukte haust og vinter 07/08 med å jobbe med materiale, og i april var det meste på plass. Me gjorde trommene i Subsonic studio, medan me gjorde resten inkludert mix i mitt eige studio. Det var utfordrande å gjere alt sjølv, men og ei fantastisk kjensle av fridom. Me tok oss god tid til heile prosessen, og eg er svært nøgd med soundet me fekk på albumet.
Hvorfor den andre verdenskrig?
Perioden er jo den mest dramatiske i moderne norsk historie, og det er så mange historier frå denne tida som eg meinar er viktig å fortelja. Eg skriv tekstar som interesserar og inspirerar meg, og då var dette eit naturleg tema for meg. Ein finn så mange skildringar om lidingar, desperasjon, lengsel, sinne, håp, glede, hat og stoltskap frå den perioden, at det kan være vanskeleg å ta innover seg for den oljesmurte generasjonen som me er ein del av.
"Milorg" er basert på faktiske hendingar frå andre verdskrig. Eg har sjølv skreve alle tekstane til "Milorg", og dei er basert/inspirert av historiske tekstar.
Eg finn mykje inspirasjon i litteratur, og så særleg historiske bøker. Før eg skreiv tekstane til dette albumet leste eg gjennom biografiar og anna relevant litteratur til temaet. Bøkene til Gunnar Sønsteby, Jens Anton Poulsson og Max Manus kan anbefalast alle med interesse for temaet. Elles så er me jo så heldige at me bur i eit land der me kan finne rekreasjon og inspirasjon ved å ta bein eller ski fatt, rusle ut dørene og komme rett ut i det naturlege element. Naturen er ei uvurderleg kilde til inspirasjon og livskvalitet for meg. Elles blir det mykje reising med Vreid, og eg finn det inspirerande å vitje andre stader.
Filmen Max Manus, som også handler om den andre verdenskrig, er å se på kino nå. Hva har denne hatt å si for dere?
Filmen var svært så bra synest eg. Ut frå sjølvbiografiane til Max Manus, så leverte dei så absolutt varene. Filmen har ført til at det er blitt retta ei ekstra stor merksemd mot andre verdskrig og motstandskampen, men bøkene har betydd mykje meir for Vreid enn filmen vil gjere.
Som en ivrig fan jeg må jeg jo vite -som jeg forøvrig også har irritert meg over at ikke blir opplyst på skiver generelt: hvor mange eks. blir det gitt ut av Milorg? Noen ltd edition eller LP?
Blir vel gitt ut så mange som det er etterspørsel etter. Milorg blir og gitt ut på Vinyl, her er opplaget ltd til 500 ex. Om det blir nokre andre versjonar veit eg ikkje. Indie gir ut albumet i Europa, medan det er lisensiert til Russland, USA & Sør Amerika. Om det blir noko særskilt med desse utgivingane veit eg ikkje.
Dere har variert med språkdrakten på albumene (Kraft og Pitch Black Brigade -sognamaol/engelsk, I Krig -sognamaol, og Milorg -engelsk) hvorfor??
Me har i all vår tid skreve tekstar både på nynorsk & engelsk. Alt kjem ann på stemninga. Nokre gongar føler ein for å uttrykkje seg på moderspråket, medan det andre gangar kjennes meir inspirerande og har betre flyt på engelsk. Me har ikkje lagt ein mal for korleis dette blir i framtida. Me gjer det me føler for der og då.
Og hvilken respons får dere spesielt fra det utenlandske publikum når dere presenterer de norske låtene?
Føler vel ikkje at det er så stor skilnad på det eigentleg. Nokon tykkjer det er veldig stas med norsk tekstar, sjølv om dei gjerne ikkje skjønnar ein drit av teksten, medan andre igjen tykker det er feitt å kunne fylgje innhaldet i teksten.
Dere skal på ''A Skogstur in Central Europe 2009'' -turne, med Kampfar og Iskald i februar, fortell om det, noen forventninger??
Trur det blir ein bra tur. Det er ein bra pakke og me skal hovudsakleg spele i kjernelanda våre Tyskland, UK, Holland & Frankrike. Dette er stader det pleier å være jævla bra respons. Eg gler meg stort til å komme ut på vegen og presentere dette materialet live. Me fekk jo prøvd ut nokre nye låtar i haust då me spela i Berlin, New York & Irland, og eg har stor tru på at Milorg låtane vil røske godt frå seg live.
Året 2009, hva betyr det for Vreid?
Det betyr eit lass med konsertar. Ser ut til å bli ei svært aktivt år med fleire turnear og fleire bra festivalar. Gler meg stort til ta fatt på dette. Dessutan blir det nok som alltid ein del arbeid med nytt materiale. Eg arbeider konstant med nye songar, og det er jo snart eit år sida eg var ferdig å skrive Milorg, så eg er allreie godt i gang med nye sprell.
Hva kan vi forvente på årets Inferno??
Eit svoltent Vreid klar til å levere. Inferno blir vår første konsert i Noreg etter sleppet av Milorg, så iveren og gløden blir det ikkje noko å utsette på.
Noen siste ord?
Takk for merksemda, og håpar å sjå så mange av dykk som mogleg på konsertar i år.
Jeg takker for intervjuet, og tømmer sparegrisen for å kjøpe LP'en. Den skal jaggu medbringes på Inferno så kanskje jeg får den signet 🙂