DREAMARCHER – ny singel ute nå

DREAMARCHER – ny singel ute nå

DREAMARCHER gir ut ny singel fra kommende EP, ‘Harding’, ute 9. mars via Indie Recordings. Låta ‘Dalen’ er inspirert av historien til Marta Dalen skrevet av Jan Gravdal. Ifølge bandet: "Marta Dalen died in 1973, almost burying with her a secret she had kept inside a rose painted box for 72 years, had it not been for a chance interview with Jan Gravdal. It is a fatal and fascinating, yet beautiful story of unfulfilled love."

Dalen er tilgjengelig for streaming via flere services her.

Harding er ein hyllest til Dreamarcher sin heimplass. Den er skriven i respekt av dei som klamra seg fast i dei bratte fjellsidene, planta frukttre, spelte fela med åtte strengar og kledde fjellet i store svarte røyr. Slik skapte dei eit samfunn og eit liv for alle dei som kom etter seg. Harding er skriven i fascinasjon båe for dei heroiske og utrulege historiane, men også historiane om alminnelege folk som levde vanlege liv og sleit med seg og sitt.

Ein harding er ein person frå Hardanger, men også ein vêrbiten, varm og mentalt sterk person. Å leva i ei steinsrøys kor ras isolerer vegar både sumar og vinter, medan røyk og fjell stengjer ute både sol og varme, gjer noko med ein. Ein må væra oppfinnsam, laga sin eigen varme og sitt eige lys – si eige Trolltunga og sitt eige sjukehus…

 

Dreamarcher-HardingEP-1440x1440_preview.jpg

 

Tekstane er laust basert på og inspirert av historiane til Odda-forfattar, bloggar og tidlegare journalist Jan «Jangen» Gravdal. Han er ein av dei få som ivaretar og byggjer oppunder arva etter dei som har levd før oss. Som Gravdal samlar historiar og vidareformidlar dei til kommande generasjonar, gjer Dreamarcher det same med deira siste utgjevning, Harding. 

Dreamarcher er:
Kim Christer Hylland: Trommer, Vokal
Ruben Aksnes: Bass, Vokal
Odd Erlend Mikkelsen: Gitar
Eirik Kråkenes: Gitar 

https://www.facebook.com/dreamarcherofficial

https://www.dreamarcher.net

 

Indie_Recordings_logo.png