RAMMSUND – Bergen – Garage

RAMMSUND – Bergen – Garage

Ein kveld på Garage dedikert til målsaka vert sjeldan betre markert enn med Rammstein tributegruppa Rammsund. Eit publikum som er av det varierte slaget ser fram til ein nydeleg kveld med energisk musikk.

Bandet kjem på scena. Dei ser alle ut som den klassiske arbeidarklassemannen, med eit veldig industrielt preg. Olje og sot på kroppane og andleta. Klare til dyst. Dei startar med hiten "Sola" ("Sonne") og det vert godt motteke av publikum. Vidare spelar Rammsund mange songar som nok ikkje krev at publikum er "hardkjernetilhengarar" av Rammstein. Songar som "Eg vil" ("Ich will") og "Mann mot mann" ("Mann gegen Mann") fenger godt iblant heile publikum.

Vokalist "Gråbein" fortel publikum at den neste songen handlar om alt elendet  i verda, som atomkrig og liknande. Ikkje uventa byrjar bandet å spele ein av Rammsteins desidert mest kjende songar, "Amerika". Sjølv om dette er ein av dei artigaste songane på setlista i utgangspunktet, vert han litt "uinspirert", då teksten i stor grad er den same som i Rammstein si eiga utgåve. Likevel verkar det som at både bandet og publikum kosar vettet av seg under songen, og han får stor jubel når han er ferdig.

 Det verkar ikkje alltid som om bandet har heilt kontroll på kva som skal gå føre seg på scena, men dei gjer dette på ein veldig sjarmerande måte, og det vert difor meir gøy og underhaldande å sjå på. Rammsund har veldig god kjemi med publikum, noko som gjer at denne vesle moglege usikkerheita verkar meir som spel for galleriet enn som faktisk usikkerhet.

Mot slutten av settet har bandet vore gjennom dei aller fleste av klassikarane til Rammstein, og avsluttar tilsynelatande med songen "Fyr laus!" ("Feuer frei!"), noko som ville ha vore ei aldeles nydeleg avslutning på ei fantastisk oppleving. Det kjem som ein ekstra bonus  at dei til slutt avsluttar showet sitt på ekte med songen "Bensin" ("Benzin").

Oppsummert er dette ei av dei kjekkaste konsertopplevingane som Garage i Bergen har hatt å by på på lenge. God stemning blant publikum, på scena og ikkje minst mellom band og publikum.

Den beste framføringa for kvelden: "Du duftar godt" ("Du reich so gut")