PENTAGRAM – Oslo – John Dee

PENTAGRAM – Oslo – John Dee

Pentagram, USA, må vera det mest undervurderte ein kan koma over innan Metal, og det seier ikkje lite, verkar som um dess betre eit band er dess mindre dekning i den sokalla Metal-pressa. Uforståeleg, bandet har skapt meir cool gamaldags Doom/Heavy enn nokon annan, snakkar um nivå med Black Sabbath. Pentagram starta tidleg, tidleg på 70-talet og fleire av gromlåtane ein kan høyra på dei tre fyrste skivene (1985-94) vart skrivne fyrste halvdel av The great 70’s. Likevel er bandet fortsatt eit obskurt namn i den store samanhengen; ein grunn kan vera Bobby Liebling’s labile livsførsel, men i det siste har ikkje dette vore eit hinder for at bandet spelar i Noreg, for tredje gong på litt over to år. Her på John Dee er det bra uppmøte, folk som kan å verdsetja dette erke-Old School-bandet. Devil har varma publikum upp med ein konsert som var OK, stort sett; er likevel dei tyngre sakane til veterane eg kjem for i kveld.

Bobby sjølv verkar gledeleg upplagt, mannen er tydelegvis usliteleg og skal sikkert halda på i femti år til, på gitaren finn me òg Victor Griffin, var med på å re-starte Pentagram for andre eller tredje gong på 80-talet, då Death Row transformerte seg til Pentagram etter at Griffin, Hasselvander & Abbey verva Liebling som vokalist. Medan Griffin sjølv held seg til gitarspelinga i kveld og verkar nærmast beskjeden bak solbrillene, er Bobby derimot i slag og innstilt på ikkje kvile på laurbera, røysta intakt som faen, fører seg som frontmann utan å driva dette for langt; her kunne me ha frykta cult-diva-faktar, men mannen er tydelegvis Rockar med stor R og meir uppteken av at konserten fungerar. Dei gamle perlene kjem, i blanda nyare låtar: "Into The Ground" verkar kraftig; kanskje er gitarlyden tilpassa dei få nylåtane; hadde venta meir gamal Pentagram-spirit, fleir gamallåtar, for det er so fagert å høyra, og kva høyrde me på før me fann Pentagram? Korleis var liva våre då? Den beste Funk’en i rytmene er ikkje heilt som den var på Inferno i år grunna denne grovmelte gitaren i kveld. Det er no som det er; og når Penatgram sin hånleg-myrke og fælsleg lett-tunge Metal kjem fram, frå 30-40 år gamle kulturskattar, er det meiningslaust å snakke um anna enn ein konsert som sit i sjela ei god tid framover.