HELLDEALER – Oslo – Elm Street

HELLDEALER – Oslo – Elm Street

Nokre gongar kan ein få seg ein god overrasking med å gå "blindt" på konsertar. I kveld heiter den Porridge, bandnamnet seier meg graut, men musikken er alt anna enn tull. Dette fem-jentes bandet gjer tinga godt og inspirert, nok forsiktige i gitarane men kraftug i bass og rytmar; og ein god og rein vokal som gjev meg kjensler av at det er Selene Vigil (7 Year Bitch) som står der på scena. Porridge’s musikk er i stil med L7 og før nemnde band; med andre ord  90-tals US Female punka Indierock.

Helldealer er som kjend folk frå The Barrels og Thrash Metal-bandet Dead Man’s Hand; grovt sett er musikken rock’en til fyrstnemnde og sound’et til sistnemnde, um enn meir i Death Metal-retninga. Var langt frå helduge med lyden på Betong i februar, i kveld syner Elm Street seg frå si myrke side. Her er punch og Punk! God Metal’N’Roll med eit punka driv; ein stad milllum svenske Gehennah og Mongo Ninja, og i kveld står ikkje Helldealer attende for nokon av desse banda. Må seia denne konserten er ein skikkeleg fin fredagsfest! Som gromkonserten på Musikkens Dag i fjor, berre betre av di det vert tettare sidan me er her inne på vesle Elm-bula. Covrar Entombed anno 1997, "Damned Deal Done". Det cover-valet kan òg gje ein peikepinn på kva Helldealer er um du ikkje har høyrd bandet sjølv enno.

Sjå der! Sjølv um eg var noko usikker etter å ha sett plakaten, vart dette enda ein skikkeleg god konsertkveld! Er berre å koma seg ut på byen i tida. Når konsertar startar etter kl. 10 skulle vel det vera grei sak?

Helldealer + Porridge på Elm Street Rock Cafe. Konsert i Oslo oktober 2011 - Elm Street Rock Cafe