TIL DOVRE FALLER 2011 – Dag 2 – Dombås Hotell

TIL DOVRE FALLER 2011 – Dag 2 – Dombås Hotell

Laurdagen renn med gnistrande sol og god temperatur til å vera haust sopass mange m.o.h.. Me nyttar tida til å bearbeida gårdagen med øl, namedropping på obskure Death Metal-band og generelt tullprat i lavoskjellettet ovanfor hotellet. Stian frå Devil har vore på biltur uppå fjellet og sett moskusen, påstår dei. Tru det.

OK: Ei variert blanding av band står for tur.

Black Magic gjer noko av det mest interessante eg har sett på lengje. Sjølv um det er særs solid plassert i gamal-Metalen kan eg på same tid ikkje hugse å ha høyrt noko liknande før. Hmm, må grunna på referansar til andre band ved neste høve, for sjølv um eg har høyrt demoane "Raise The Dead" (2007) og "Reap Of Evil" (2010) kan eg berre leggja frå meg alle tankar og heller headbanga til denne Black Heavy’en; dette treff meg rett i hjarta! Bandet er av Jon Doom på gitar og vokal og Deathhammer’s Sadomancer på trommer; med Salsten (Deathhammer) som live-bassist.    

Har alltid lurt på kva Diskord høyrar på, dette sære Death Metal-bandet som lagar desse raspande grueleg gode konsertane. Eller kva Diskord et. Sine eigne gitaristar, kanskje, for Espen er ute or bandet no. Den nye gitaristen heiter Håvard. Han gjer det kvasst der på strengjane; heile trioen gjer det kvasst, sjølv um eg har høyrt vokalen betre før, for vokalen til Hans Jørgen er vanlegvis fårleg rå og bør berre koma tydlegare fram. Elles er det Diskord i eit godt og distinkt driv, det er ikkje noko slurv med desse gutane. Kan gå langt ned i tempo, men desse låtdelar dvelast åldri so lenge at det vert "treigt". Kred for gode overgongar, og for at dei klarar å nyskapa ekstremmetall ikledd sound’et til den gamle illsinte stilen.

Age Of Taurus, tradisjonell Doom Metal i stil med Candlemass – slikt gjer at eg ser fram til ein koseleg halvtime med gamaldags musikk. Etter kvart som dei spelar seg fram er det heilt klårt at det er nettupp det me får, dette lèt svingande bra, dei tre engelskmennene (pluss Sindre frå Obliteration på bass) får meg til å kjenna smak av britiske vidder i regn og blåst og attgløymde gravhaugar frå jarntida. Og mine medpublikummararar er ikkje mindre entusiastiske – utanfor etter konserten strøymar det på med skryt og uartikulert lovprising.   

Execration har festa seg i hugen til underteikna som eit særs habilt liveband. Får tru publikummet i kveld greiar overgongen frå Age Of Taurus til dette meir uvande Death Metal-bandet. Skulle ikkje vera noko problem eigentleg, dersom du som tilhøyrar kan kjenna når eit band har noko å fara med. I kveld lèt ikkje bandet so myrkt som sist, men "sist" var på Unholy i Oslo ("Odes Of The Occult"-sleppelaget i juni) og få stadar slår den puben når det gjeld myrkljod. Sakte uppbyggjingar til upp til klimaks startar settet og sidan går det slag i slag. Execration er som vanleg meisterleg framført, lèt som ein illsint brande som slår vilt rundt seg i haustsvarte skogen.   

Føre Koldbrann går på kjem arrangør Morten Thøring upp på scena og annonserar siste konserten i Til Dovre Faller si historie. Ikkje godt nytt, det, trøysta er at line-up’en i helga har vore gedidgent bra, med seriar av kanonkonsertar.

Og Koldbrann seinkar ikkje nivået i so måte; har før nemnd den rå ljoden og bandet utnyttar den til fulle, noko skurr i vokal sumtid der eg står, men det tippar åldri over til sørpe. Ein kan nesten seia at ein høyrer bandet i eit slag god og skiten Death Metal-ljod, kjennast som ekstra krydder, kan verkeleg lika denne ljoden til musikken deira; med dei vande koldbrannske Black Metal-elementa i gitar og rolegare låtdelar. Desse rolegare partia varar som kjend ikkje lengje um gongen: Utruleg intens konsert!, heilt på kant med livet, eg er steina til jorda. Dette bandet har so mange gode – eller skal eg seia vonde – kongelåtar på lager og verkar å meistra dei godt, har etterkvart fått mykje speletid på scenar rundt umkring, og sidan eg såg Koldbrann fyrste gongen på John Dee ein junikveld for fem-sju år sidan har dei alltid fengja meg. Festivalen avsluttast høveleg brutalt.
Må til slutt seia takk til Rob som heldt styr på ljoden i denne gymsalen, utan innsatsen hans kunne konsertane lett ha vorte eit akustikkhelvete; og til arrangør Morten som har gjort ein kjempejobb for Metal av det gode slaget ved å henta fram desse banda. Eit godt gjennumført arrangement; og med trivelege og fleksible vaktar og hotellpersonale, hehe, til å passa på publikum vart (det siste?) Til Dovre Faller ein hugsam Metalfest upppunder fjellet.

http://www.tildovrefaller.com/