TIL DOVRE FALLER 2011 – Dag 1 – Dombås Hotell

TIL DOVRE FALLER 2011 – Dag 1 – Dombås Hotell

Er klårt for den andre Til Dovre Faller-festivalen. Var eit must å gjentaka arrangementet frå ifjor, for det var absolutt løjge nok. Og i år er det over to dagar, Griftegård har avlyst, festivalen har med ni band. Er det nokon som lurar på kvar Dombås er so ligg det trast sør for Dovrefjell, og det reknar eg med du anar kvar er; visse ting, liksom.

Ein halv time eller so etter skjema kjem me endeleg i gong. Ghoul Cult gjev ein god start på festivalen; er heilt inne i det dei gjer på skiva, og her i kveld lèt dei enno råare, særleg i vokalen hans Johnny Tombthrasher. Mogleg ein får meir ut or Ghoul Cult live når instrumentalistane kjem "reinare" ut or miksen, er uansett stortilfreds med det eg høyrar. Eit avbrot vert det når Didrik Telle (Obliteration) på ryk ein bassstreng, men me får eit døme på teamwork: i staden for ein langdrug stans er ein frå Maim raskt framme på scena og lånar burt sin bassgitar.

Devil har klart å rydda seg ein plass i metallundergrunnen; greitt nok det, for som ein kan høyra her er det mykje bandet har å bjo på i form av sein 70-/tidleg 80-talsrytmer, særleg Ronny (Vesen) verkar godt sint der bak trommesettet. Noko skurr i vokal sumitd, særleg når både Joakim og Thomas skal laga harmoniar, men eg gjer ikkje so mykje vesen ut or det, hehe, for Devil lagar god underhaldning med nokre av låtane sine, svingar godt av "Time To Repent", "At The Blacksmith’s" og "I Made A Pact…".

Lobotomized trår etterkvart i gong med sine stutte råpunka Death Metal. Heilt rett-fram er heller ikkje musikken til desse fem (Christian Ljan, gitar, og Ola Rustad, trommer, er lånt frå Flesh Torment). Overraskande alternative i ein del opningar av låtar med Doom Metalske innslag. Godt driv i gitarar når dei trør i gong. Og temmeleg irriterande med alle pausane og prat i millum låtane. Synd dei ikkje er eit skitband, for då kunne eg berre ha gått ned troppa og fylt i meg øl i staden. Fysisk respons frå publikum, humørfylt trakassering på – og over – golvet; dette utartar sjølvsagt, noko so burt i staur og veggjar, men ingen knekk armar eller bein får me tru.

Maim: Fyrste dag avsluttast med to Death Metal-band som kan stå seg godt til einannan; Maim og Lobotomized er i same blodkokande gryta, men likevel med forskjellig tilnærming til Death’en. Svenskane har eit tyngre drag over musikken, greier å låta laust og slagkraftug på ei og same tid; dette overtyder meg, kveldens beste konsert, gamaldags Death Metal i svenskeljod slår sjeldan feil. Sindre frå Obliteration dukkar upp på scena, og Bastard Priest’s "Under The Hammer Of Destruction" covrast. Maim har ute to album "From The Womb To The Tomb…" (2009) og "Deceased To Exist" (2011); dette skal sjekkast ut!

http://www.tildovrefaller.com/