SOMMARFESTEN I SUNNFJORD 2011 – Førde

SOMMARFESTEN I SUNNFJORD 2011 – Førde

Sommarfesten i Sunnfjord gjekk av stabelen i Førde Fredag 3. juni og Laurdag 4. juni. Underteikna var til stades på festivalens andre dag, sol og fantastiske temperaturar prega dagen saman med fire flotte band.

Sjølv om det i dei fyrste timane og under fyrste band var lite publikum på festivalområdet, så blei Sommarfesten i Sunnfjord ein stor suksess. Bandet Forza var fyrst ut og spelte klokka 20.00. Publikum strømma på etter kvart og det var store køar ved inngangspartiet til festivalen stort
sett heile kvelden. Då Eva and the heartmaker gikk på scena som andre band rundt kl 21.00 var store delar av festivalområdet fyllt, og Eva sjølv, ja ho smilte om kapp med sola. Når det då endelig var på tid for bandet Ingenting å gå på scena kunne ein heilt klart sjå at dette var noko publikum hadde venta på.

Når Kaizers Orchestra gjekk på scena som festivalens headliner og siste band var stemninga på topp. Under konserten viste vokalist Janove Ottesen seg som den solide vokalisten han er, og bandet var ikkje hakket dårligare.
Det var ingen tvil om at dei hadde kontroll på publikummet sitt. Eg trur ikkje eg tek feil når eg sei at nesten kvar einaste person på festivalområdet dansa og song med på stort sett alt. Det var ein magisk kveld.

Sunnfjord_11_Forza_2.JPG
Forza var fyrste band ut og skapte ei rolig atmosfære over festivalen

Sunnfjord_11_Ingenting_4.JPG
Ingenting hadde publikum i si hule hånd gjennom heile konserten

Sunnfjord_11_Kaizers_Orchestra_1.JPG
Vokalist Janove Ottesen i Kaizers Orchestra fekk med publikum frå fyrste stund

Sunnfjord_11_Kaizers_Orchestra_4.JPG
Ingen skikkelig Kaizers konsert utan hjulkapsel, kubein og oljetønner

http://ny.sommarfest.no/