HELLS PLEASURE 2011

HELLS PLEASURE 2011

Hells Pleasure Metalfest
Pössneck, Tyskland
22. – 23. juli 2011

Denne festivalen er ein skikkeleg godbit for den som likar å grava djupare i Metal enn det vanlege ripp-off-køyret. Hells Pleasure i Tyskland har i fleire år servert gode bandprogram med myrke og eigenarta Metalband. Slik i år òg, Nifelheim, Rotting Christ og Root er dei mest kjende av det slaget, grekarane skal visstnok spela eit Old School Set, d. v. s. frå deira tidlegaste utgjevingar på 90-talet. Elles er det Old School Sets i fleng, skulle eg tru:

20 band er stadfesta og blandt dei finn vi våre eigne Obliteration og Nekromantheon, kjende for Metalpublikummet rundt heimeberga her nord skulle eg tru; og: desse gutane har det med å dukka upp på festivalar med sterke line-up’er, tydar på at dei har skaffa seg eit namn som det står METAL av.

1abcb9d7336f72604eb524c8d7c5b480.jpg
Obliteration @ Inferno 2011/John Dee

At band som Root og Year Of No Light er sett upp tyder at festivalen greier å krydra line-up’en med band som spelar utanfor dei vanlege uppskriftane; Ghost vert her høve til å sjå i staden for den avlyste Oslo-konserten i april i år. Meir svensk: Maim og Invidious, to av desse nygamle godskitne Death Metal-banda som slafsar i og rundt Entombed og Autopsy; Maim er òg stadfesta til årets Til Dovre Faller. Saturnalia Temple har denne nesten-brestande Doom Metal’en i seg, uttrykkjer seg i slektskap med Electric Wizard, som diverre har avlyst, til fordel for Candlemass. Italienske Black Oath spelar noko snillare Doom Metal enn svenskane, men ikkje mindre gamaldags, tvert imot. Negative Plane frå USA, kan "testast ut" føre årets Hole In The Sky, og saman med tyske Ascension står dei for den skikkeleg kalde Black Metal’en.

Kan berre sjå tre tyske band på lista; får eit inntrykk av at Hells Pleasure er medvetne og prioriterar Metal framføre sokalla nasjonalkjensle og takk for det. Når Venenum går på får ein vona det er myrke kvelden og at dei får den lyden som høver, kolsvart Death Metal, det at dei er ein avleggjar frå Excoriate skulle skildra Venenum… Må berre nemna Division Speed, fartsmetall med hardcorepunk-vokal, dette kan verta festleg i motorcrossbana som Hells Pleasure arrangerast i, utanfor Pössneck, sør for Jena, som igjen er sørvest for Leipzig. Billettpris er 40 Euro i porten pluss 3 for camping.

HellsPleasure_logo.gif

 

Festivalside:
www.hellspleasure.de
 
Band med lyarlinkar:

Ascension (Black Metal, Tyskland): www.myspace.com/gatewaystoascension
Black Oath (Doom Metal, Italia): www.myspace.com/blackoath666
Candlemass (skulle vel vera kjend?!): www.myspace.com/candlemass
Divison Speed (krigsspeedmetall, Dustland): www.myspace.com/divisionspeed
Enforcer (Speed/Power Metal, Sverige): www.myspace.com/enforcerswe
Ghost (okkultprogrockmetall, Svergie): www.myspace.com/thebandghost
Gospel Of The Horns (Black Thrash, Australia): www.myspace.com/gospelofthehorns
Invidious (Death Metal, Sverige): www.myspace.com/Invidiousdeathmetal
Maim (Death Metal, Sverige): www.myspace.com/maimdeathmetal
Negative Plane (Black Metal, USA): www.lastfm.de/music/Negative+Plane
Nekromantheon (Thrash Metal, Pilsestredet): www.myspace.com/nekromantheon
Nifelheim (myrk Iron Maiden Metal, Sverige): www.myspace.com/nifelheimofficial
Obliteration (Death Metal, Ølbotn): www.myspace.com/obliterationnorway
Reveal (Death Metal, Sverige): www.myspace.com/revealswe
Root (Prog/Black Metal, Tsjekkia): www.myspace.com/rootcze
Rotting Christ (Black Metal Greek Branch): www.myspace.com/rottingchristabyss
Saturnalia Temple (Doom Metal, Sverige): www.myspace.com/saturnaliatemple
Tribulation (Death/Thrash Metal, Sverige): www.myspace.com/soultribulation
Venenum (Black Death Metal, Tyskland): www.munenev.com
Year Of No Light (Ambient Doom Metal, Frankrike): www.myspace.com/yearofnolight

 

Hells_pleasure2011_flyer.png