DEATHHAMMER + CONDOR – Oslo – Betong

DEATHHAMMER + CONDOR – Oslo – Betong

Det var då Satan til god lyd! Condor er tydlegvis eit av desse (få) banda som kan å ta vare på sitt eige live-uttrykk, spenstugt og rått; gutane verkar svartthrasha og sterke i alle ledd. Eg er seint ute og er ikkje mykje eg får med meg av konserten – halvannan låt!; det er nok til å slå fast at desse unge kolbotningane treffer meg betre enn mange andre band.

Morbid Insulter avlyste, og det er berre Deathhammer att på kveldens program, ikkje småtteri, det heller; og med to gitaristar, Bowel og Sadomancer, er tyngda hakket større enn Condor’s; lydbiletet er nær fyrebandets lell, synes Deathhammer gjer den mest rocka konserten eg har høyrt av dei. Setliste med mykje gromt frå demoane "Barbaric Onslaught" (2005) og "Savage Poser Hunt" (2006), og so dreg dei låtar frå framover i tid, deriblandt eit og anna nytt. Ein konsert med bråe kast, godt, gammalt hat, Sodom 1984-augesminke, og generelt Thrash As It Used To Be (& should still be); sur gitarlyd i 28 sekund ved eit høve dreg lite ned, men utan at det er katastrofalt, ikkje for min del. Ikkje for andre heller vil eg tru; for um det ikkje er fullt med folk her, er det god stemning på dei uppmøtte, Sergeant Salsten og co. meistrar å laga ei fortetta stemning med livat, ekte, sint og rocka tresking på gamalmåten.

http://www.myspace.com/savageposerhunt

http://www.myspace.com/condornorway