VULCANO – Gøteborg – Musikkens Hus

VULCANO – Gøteborg – Musikkens Hus

Det legendariske Vulcano, Fathers Of South American Death, er i Europa for fyrste gong. Bandets grunnleggjar, gitarist og låtskrivar Zhema har sett ihop eit nesten nytt band. Har allereie gjort unna eit par konsertar, blandt anna på Live Evil-festivalen i London, der fleire norske band òg deltok. Kanskje difor ingen Vulcano-trøyer å få kjøpt i merchandise’n her? Det er straffa for å vera lat og priotera denne Oslo-nære konserten i staden for Live Evil. Uansett; her er bra uppmøte, Musikens Hus har ein konsertsal på storleik midt millum Parkteateret og storscena på Betong.

RAM kallar seg verdaste hardaste band. Bra innstilling. Skulle ynskje fleire band innan den tradisjonelle Heavy og Power Metal’en hadde same tenninga. RAM er kanskje retro som Faen, men det tyder ikkje drøvtyggjing av gamalt stoff, for dei lèt sjølvmekka og inspirerte; med to gitaristar, tydeleg bass og ofte høgt tempo. Bandet ser ut til å lika seg godt der uppe på scena, forventar òg meir av publikum enn mange andre band: Vokalist Oscar Carlqvist trugar med å køyra høgreneven uppi bakenden på dei som ikkje headbangar, og fortel kva han synes um folk som berre står og heng bak i lokalet: "Gå herifrån!". I tillegg har han ein særs god vokal, varierar den bra ved eit par høve, nede i Death Metal, uppe i fistel; men fyrst og fremst aggressiv trass i at den er clean som fløyelsgraut. Skikkeleg koolt og høyrevenleg, spør du meg og står seg godt til eit band med slik gamaldags Metal-punch.  

Lang venting på Nifelheim, men når dei kjem, so kjem dei skikkeleg! Fullt køyr frå start, både visuelt og frå høgtalarane. Mykje faktar og fjes. Innstillinga her må vera at Metal skal synast. At bandet diggar Metal’en sjølv òg! Ikkje leggja seg bakpå og flota på at ein har skaffa seg eit namn. Bakdelen med det er at det vert for mykje for vokalisten, han må droppa fleire ord i teksta i alt tempoet. Føremonet er at ein får inntrykk av at dette er eit band som tek konsert-Metal ålvorleg, og Hellbutcher skrik utvilsamt hardt nok. Bandet syner kva dei har av kvalitetar, fast og hardt tromma; og fyrst og fremst: konstant og variert i bass- og gitarspelinga av Tyrant og Venegeance From Beyond. Han Venegeance From Beyond er einsleg gitarist, men det gjer ikkje noko, han spelar for to og gjev oss mykje uventa og ekstravagante sakar i lead og soli. Dette kjennest godt, musikken er elegant og rå på ein og same tid. Synes du Iron Maiden er for
 daft, går du over på Nifelheim. 

Vulcano går på og dreg ein instrumental som gjev oss ein peikepinn på korleis det skal lyda her: Rått og raskt. Når vokalisten kjem fram på scena skrik han ut intro’en til "Witches Sabbath" og konserten er i gong på rett. Originalvokalist Angel er ikkje lenger i bandet, men her høyres det ut som um han har fått ein etterfylgjar som er i nærleiken av å fylle skoene. Med eit bistert glis um munnen, skrik denne kraftige pluggen, Luiz Carlos Luozada, ut den eine gamlelåta etter den andre og gjer ein skikkeleg Vulcano-vokaljobb, og me veit kva det vil seia. Dei rasar gledeleg vondt av garde, Arthur Justo bak trommene driv låtane fram på ein stødug og uanstrengt måte. Vulcano på skivene er ein uhyggjeleg miks av det kontante versus det meir lause og med uventa rytmeskifte. Her i kveld er det det kontante og dei bråe fartsskifta som regjerer, med unntak av dei tunge og illevarslande "Fallen Angel" og "The Signals". Tre av dei fire karane
 framme på scena renn over av energi og styggedom, gitarist Fernardo Nonath ser ut som ein usnill voodoo-sjaman frå den myrkaste skogen, og her er ståk og rørsle, um enn meir beherska enn dei to banda før i kveld.

På sida, derimot, godt attendetrekt frå scenekanten, står Zhema og gjer det som er av lead og soli, heller forsiktig i fyrste del av konserten, kunne tenkt meg meir av han, um eg skal setja fingeren på noko. Zhema sjølv kallar Vulcano for rock’n’roll-inspirert Death Metal, her i kveld synes eg dei ligg i Black Thrash-lendet. Dei får fram stoffet metallisk, aggressivt og med stor pondus, det å ha kontroll på so ekstrem og bisarr Metal er Vulcano i seg sjølv. Publikum, helst frontrekkjene, er med – "Vulcano! Vulcano!" Men det går mot slutten, og bandet går av. Nesten; for so spør Luiz Carlos um me vil høyra Vulcano på portugisisk. Ingen nektar for det, og dei dreg "Guerreiros De Satã", "Total Destruição" og "Legiões Satânicas", og det kan eg fortelja deg: Metal på portugisisk lèt ikkje mindre rått enn på engelsk.

Har ikkje høyrt betre konsert i år, den er der uppe i toppen med Autopsy, Blood Feast, Skitsystem og Sadistic Intent, meiner ånda til Vulcano kan kjennast att i desse andre banda. Mykje gamalt, heile settet unnateke "Gates Of Iron" og "The Evil Always Return", er henta frå dei to fyrste albuma "Live!" (1985) og "Bloody Vengeance" (1986).

 

Ei kronologiskt uordna setliste:

ein instrumental eg ikkje kjende
Witches Sabbath
Dominios Of Death
Spirits Of Evil
The Signals
Fallen Angel
Death Metal
Bloody Vengeance
Gates Of Iron
The Evil Always Return
Ready To Explode
Riding In Hell
pluss Prisoner From Beyond, um eg hugsar rett, hm
Total Destruição
Guerreiros De Satã
Legiões Satânicas

http://www.myspace.com/rammetal
http://www.myspace.com/nifelheimofficial
http://www.myspace.com/vulcanobrazil