ANNIHILATOR – Oslo – John Dee

ANNIHILATOR – Oslo – John Dee

Sworn Amongst misser eg, diverre, dei er tidleg på i kveld. So her går me rett på Svölk frå Trysil, Ohio: Bandet har ein vokalist som kunne ha vore sterkare, køyrer trikset med å dra ut vokalane som nyare Power Metal, noko Svölk ikkje vil vera, trur eg, for dei har ein bra touch i retning Rock’N’ Roll Metal. Litt mykje geberdar og faktar, "høi! høi!" og liknande i høve til det trykket dei (ikkje) leverar, eg synes dei er for attendehaldne med gitarlyden. Trommeslagaren, derimot, ser ut til å lika seg skikkeleg og tromminga tek mykje av det som kjem ut or høgttalarane, i og med at gitarane er for beskjedne. Synd, for bandet har ein god del å fara med i eit sumtid Rocka bass- og gitararbeid, eg får ei fin kjensle av bandet i desse låtdelane. 

Lang venting, so er det endeleg kanadisk Speedthrash på scena, utan at dette er det mest typisk thrasha bandet som er. Annihilator har gjeve ut album jamnt og trutt sidan 1989’s "Alice In Hell", som er fyrste og siste skiva eg har høyrt av dei 13 studioalbuma i katalogen av bandet. Eller av han Jeff Waters, rettare sagt, bandets hovudperson med stor H gjennum alle år. Syner seg som ein showman, um det er poenget med ein Metal-konsert er du vel tilfreds; men det vert ein del plågsam sjølvdigging av han J. W. når han so tydeleg forventar attendemelding sopass ofte. Berre spel, du.

Eit bra mannskap har han med seg, rytmegitarist og hovudvokalist Dave Padden har ei smårå og intens røyst eg kan lika i dei raskare låtane. Fint balansert lyd, godt høyrleg i alle ledd, tydeleg bass, stødug tromming og ikkje minst: bulldoser-virtoust i gitar. Som venta. Men sviskete og mekanisk-låtande innslag dreg ned heilskapsinntrykket; lurar på kva du har meint med dette, mister Waters. Det vert langdrugt for mitt vedkomande, medan den er som er hard fan av Annihilator og svelgjer alt av det som bandet har laga, får att for dei 225,- billetten kosta. Og fans er det ein god del av her, mykje folk og bra stemning. Det spreke og ekte Annihilator i kveld er i låtar som "Ambush", "Betrayed", "Ultra-Motion", "W. T. Y. D." og "The Fun Palace". Pluss låta som endar eit langt sett, "Alison Hell". 

http://www.myspace.com/annihilatorofficial