TIL DOVRE FALLER 2010 – Dombås Hotell

TIL DOVRE FALLER 2010 – Dombås Hotell

På Dombås høgt uppi Gudbrandsdalen har dei i kveld samla noko av det finaste innan norsk Metal. Klårt me dreg dit. Kjellar’n ligg i gongavstand og sterk sidevind frå busshaldeplass og jarnbanestasjon, eit to-etasjes hus med bar nede og konsertsal uppe. Dette ser heilt greitt ut, rommet verkar betre eigna til konsertar enn fleire konsertstadar i Oslo. Naturen er betre òg, vi er liksom på ei hylle i den breie dalen som stupar skrått bratt vidare nedover til elva i dalbotnen. Metal.

Nok prat! Nekromantheon gjev jarnet som berre dei kan; startar upp med ein glitrande riff-intro av Arild, og fortset med høgtempo-Thrash; synest vokalen til Sindre frontar låtane godt. Heile bandet glir godt igjennum ein svinaktug god lyd, dette her er herleg habilt; er likevel vokalen som gjer at eg kan seie at dette er Nekromantheon, for ein fåre er det vel for at sopass bra musikalske band kan ramle ned i den likomseriøse ordinær-Thrash’en. Er langt igjen til det pr. dags dato, energisk, skitent og sint og utan noko grufs og grukl. Tilbakeskodande i form av "Pay To Die" av Death Strike med Salsten frå Deathhammer på gjestevokal, det er fyrste gong eg høyrer nokon covrar dette uvanleg olme bandet frå 1985 av Paul Speckmann & kompani, so takk for den. Kickan trommar saftugt frå seg der; dei fortset i same tyngde med "Devolutionary Storm". "Metal Vendetta" er kanskje den låta eg set mest pris på, riffkøyret og vokalen der er uvanlege sakar.
 Sjølvmedvete og profft nok, men ikkje tek dei av og verta fjerne, heller; på "We’re Rotting" let Nekromantheon, sosialt nok, ein mikrofon vera open for publikum til å koma upp og kora med.       

Resonaut ser eg for fyrste gong, og gjev eit positivt inntrykk, dersom det er mogleg å nytta umgrepet positiv um sopass angstfull Doom Metal. Kvar kjem basslyden eg synest å høyra i frå? Dei tre i bandet nyttar to gitarar, trommer mest heile konserten igjennum, ikkje alt eg skjønar her. Men lett å tenkja Electric Wizard: Synes Resonaut utnyttar distortion-kunsten fullt ut, mykje kred for å greia å skapa sopass fengjande musikk bygd på repeterande riff og med tilnærma normalvokal godt inni musikken. Sjølv um uppskrifta i utgongspunktet ikkje er den mest interessante for meg er dette so brutalt gjort at lyden i seg sjølv gjer at eg står pal medan dei forkynnar sin myrke Nidarosdoom i haustkvelden.

Faustcoven har eg to gonger upplevd levera Doom Metal-konsertar som smakar av aude og forblåsne gravlundar der ingen levande sjel har sett sin fot på fire hundre år. Eller 25, um ein tenkjar Metal. Bandet har noko å leva upp til, og gjer stort sett det. Gitarsoli som lèt som eit kvilelaust skrymt, flugande millum nakne tre i myrkret, myrkt backa upp av tunge og fengjande arrangement som varslar vondt. Låtane trommast ondt (godt) fram frå Johnny Tombthrasher, og Faustcoven greier å levera varierte og fengjande låtar, godt innpakka i Doom som ikkje er standard 2010, til det er bandet for gamaldags, heldigvis. I fyrste halvdel mindre skarp vokal enn vanleg, mogleg det er lydmiksen som for ein gong i kveld ikkje greier å servera maks, men trur helst ikkje det, for Samson Isberg er råare lengre ute i settet. Som på coveren "The Elder Race" av Dream Death, snakk um godt låtval, aggressivt utført! Den sakte uppbyggjinga av "At Night They Rise From
 Below The Earth" er eit stigande udyr, byrjar vàrt og roleg, men so velt tyngda fram, grueleg godt framført; og overgongen til den raskare "Castle Of The Tyrant" får tydeleg fram variasjonen i settet. Oldschool war!      

Me skal vidare, Deathhammer er klåre som fire hardkokte egg, står på scena og plundrar lite med innstillingar på gitarar før dei skal starta. I millumtida får me ein trommesolo av Sadomancer, han gjev alt og her er god underhaldning i ventetida, heilt til han veltar overende på golvet bakover frå trommestolen. Thrash Till Death! Han kjem seg heil og heiltent upp att, og lenge etter tidsskjema kjem Deathhammer endeleg i gong. Deira myrke og råe Thrash er mindre riff-tydelege enn Nekromantheon’s, i Thrash-lendet er dei to banda likevel i same umråde: Pure Old School! Duoen har med seg Chris Piss (Lobotomized) og Lund på gitarar i kveld, og eg synes bandet leverar ein av sine beste konsertar. Tromminga er av det uvanleg tunge slaget, sjølv til True Metal å vera. Bandet generelt bevegar seg på kanten av det tilrådelege, cymbalar og mikrofonar i trommesettet vert tidleg slege ut av kurs og justeringar millum låtane heftar konserten noko. Men
 ikkje desto mindre synes eg dette er kveldens høgdare so langt, som eg kan òg sjå på publikumsreaksjonane rundt meg. Deathhammer er ikkje noko rølpetidsfordriv, for her er kvalitetar få andre band har; i intensiteten i riffa, den illsinte kjeftevokalen av Salsten – eit pluss at han meistrar å passe inn fistelskrika – og den før nemnde tungtromminga. Nådelaust og utan spor av tvil. Hail!    

Lista av gromme band har ingen ende i kveld: Obliteration er og blir eit hatugt Death Metalsk monster som sprer faenskapen rundt seg i form av lange, dooma låtar. Dyktugt framført som alltid, merkbart hardbanka frå trommeslagar Kristian, heile bandet lèt godt samkøyrde og røynde. So er dei òg meir booka enn folk flest, desse fire; dette merkast i kveld, ikkje noko sleiving eller drukning av detaljar, og lydmiksen er god, som den har vore i heile kveld. Gitarist og vokalist Sindre er ein kar som kan kommunisera med folket framføre seg i millum låtane, slengjer munter kjeft til folk; pussig motsetnad til dei innadvendte dystre disharmoniar låtane deira leverar. Låtane deira er er av eit slag som du ikkje høyrer hjå andre band. Sjølv um eg høyrer stort sett same låtlista kvar gong, er her likevel ein særskild myrk fryd og faenskap over konserten, dette er liksom ikkje bandet du kjem berre for å høyra ein låt eller to av. Nei, du vert
 ståande, synkande ned i myrkets irrgongar der du ikkje veit vegen ut, eller kva som kjem i neste rytme og riff. Kanskje du tek sjelsskadar av dette, er verdt å prøva, for å sjå ein konsert med Obliteration er ikkje ein daglegdags rutine, ligg mykje lumsk stemning i låtane og lite av tradisjonelt enkle løysingar med vers-vers-refreng etc.. Dette er nyskapande og gamaldags samstundes. Eit band som har full kontroll, speleglade og totaldedikerte til Old School Death Metal.

Må seia dette var haustkick’et eg trengde; Metal og frisk luft (særs mykje frisk luft, i stor fart òg). Det er Noreg, det. Takk til initiativtakar og arrangør Morten og lydmann Rob, som båe har gjort sterke sakar her.