ROTTEN SOUND – Oslo – Betong

ROTTEN SOUND – Oslo – Betong

Det er South Of Heaven sin tur å arrangera ein Grindkosekveld for bisarre og fartsglade fans. Rotten Sound skulle vera kjende nok, og med yndlingane Grind Crusher i line-up'en ser dette skikkeleg bra ut. Men når eg kjem inn på Betong les eg på plakatar at Grind Crusher er avlyst grunna sure uppstøyt på Island.

Den svensk-finske trioen Afgrund får difor opna ballet. Og for ei tromming! I høgtempo, ikkje uventa, men med ein stor variasjon, i stenduge rytemskifte og rett som det er med eine uppe stikka på øvre del av trommesettet og andre stikka nede samstundes. Den elles so rettfram-aktuge Grind-sjangeren har visseleg løynde trommeslagarar av format, Into Sickness, Grind Crusher og The Arson Project er andre døme. No er det små gitar-parti av det noko uvande slaget hist og her hjå Afgrund, elles går det meir på det jamne, kunne tenkja meg sterkare vokal. Den mektuge granittbassen derimot, fyller meir enn helvta av lydbiletet, har sans for den. Likevel ikkje det mest fengjande eg har sett av konsertar, heile bandet under betrakning, men den eminente edderkopptromminga av han Panu Posti skal eg bera i minnet ei god tid framover og skulle vera til stor ergelse for alle som ikkje gadd å møta upp på Betong i kveld.

Rotten Sound trykkjer atskiljugt hardare frå seg enn fyrebandet. Finnane lev ikkje upp til bandnamnet, spelar i ei skjerande god lydblanding av svensk Death Metal kombinert med kvass og hatsk Grind, ei myrk lyduppleving og klår, naken aggresjon samstundes. Meir enn nok til å røske tak i ein stakkars satan på ein elles ubetydeleg torsdagskveld på byen. Rotten Sound sine låtar er eg ikkje bekannt med og vert ikkje stort klokare utover i konserten, for bandet styrar unna alle tendensar til melodi og refreng; eit slik køyr kan eg lika uansett, det er berre å lata det rulla i mot seg. Heller ordinært å høyra på vokalt, eg kan ikkje lika det når han går uppover i frekvensane. Kjedeleg er han å sjå òg, på når han driv med hardcore-faktar. Nei, det som fyller hugen, saman med Betong sitt dyre øl, er det jamne og presise åtaket frå gitaristen og dei to andre instrumentalistane som syner fram eit band som kan å låta skikkeleg godt (vondt) live.