INFERNO KLUBB 2010 – Rock In

INFERNO KLUBB 2010 – Rock In

Tribulation
Faustcoven
Open Casket Terror

Ein kveld i året forvandlar Rock In seg til ei mørje av Metal. Det er Infernofestivalens klubbkveld. Tre band frå undergrunnen står på programmet – og: DET PLAR Å VERKA. Ein får ekte Metal av DJ'en før banda spelar. Kred der. 

Open Casket Terror står på scena, ein lang cyberaktig intro kjem ut or høgtalarane… so fresar dei i gong med ein Death Metal-konsert i skikkeleg Cannibal Corpse-stil. Imponerande over fast høgtempo-tromming; og over små glimt av lyn-riff av han gitaristen i Wyruz-trøya. Godt fronta av ein vokalist som i alle låtane greier å halda seg in time i dei lange og raske tekstlinjene. Overtydande og sikkert av eit band eg ikkje hadde høyrt um før dei var på plakaten. 

Faustcoven gjev igjen eit prov på at dei er Kings of Classic Doom. Johnny Tombthrasher og kompani legg seg langt unda svevande og sentimentale stemningar, hele settet igjennum sparkar og slit dei i gamaldagse og grufulle gravkjellerar; so dystert som dei kan det få ut i saktegåande og blytunge marsjar med meisterleg sterk Black Death Metal-vokal av Samson Isberg. Faustcoven er ein dåm av ekte Metal, her vantar ikkje høve på å headbanga.

Tribulation vik ikkje ein tomme frå dei to andre banda sine testikkelsparkande sakar. Langt fan i frå. Ei fryd og ein overrasking: gløym det heller glatte "The Horror"-albumet, Tribulation live hakkar og haugg; Death Metal ikledd Black Metal's lydbilete, vil eg seia; i eit angsthelvetedaudskøyr i hundre. Spør meg ikkje korleis ein kan headbange til dette tempoet, rekk knapt å klaske låra til farten, hehe. Fascinerande å skoda eit slik svoltent, samkøyrt og kompromisslaust band på ei småscene. Metal!