HURRA TORPEDO – Oslo – Rockefeller

HURRA TORPEDO – Oslo – Rockefeller

Internettet (uh, for eit bandnamn, men det har vel si meining, det òg, utan at eg skjønar bæret av den) startar rettleg bombastisk, dei fyrste sekunda.. Ein over tre kvarter lang instrumental som etterkvart vert noko forsiktig, eg saknar hardleik og crescendo. Men eg må innrøma at dette er tidvis svevande og avslappande, eg tykkjer òg sisteskiva til Nachtmystium og delvis Mar De Grises' "The Tatterdemalion Expresss" er lugume skiver, men Internettet (uh, dèt bandnamnet) legg seg altso noko meir idyllisk til i landskapet enn desse. Eg står langt bak, ser i golvet og boikottar videoen bandet absolutt må ha med: Internettet (uh) restartar konserten etter eit par minutter, då der er problem med videoen… vel, vel, vel… har ein so liten tru på sjølvstendet i eigen musikk – som jo fungerar bra på eigen hand, kan eg røyna – er det merkeleg at ein vel og syna seg fram på Rockefeller i det heile. OK, over til noko heilt anna:
 
Ein eller annan djuping vil vel seia at Hurra Torpedo er sarkasme i 14. potens eller derumkring, eg seier at dette berre er god, gamaldags øydeleggjingspasjon i rockens teikn. Her er ikkje måte på til uppstilling av kvitevarar, komfyrar, fryseboks (kjem ikkje frå kor tungt denne bankinga av lokket lèt, treng ikkje basstromme her), vaffeljarn (den moderne sorten som kan haldast i ei hand, som kastanjett), samt innslag av ymse "trommestikkar" og underlege sleggjeliknande avartar; alt dette sopass innøvd at det vert låtar av det. Med gitar og bass i tillegg, faktisk. Destrurering er i høgsetet, skulle ynskje Karl Sanders gjorde det same med datamaskina si på neste Nile-gig. Overraska over at her er trommer på scena i det heile teke, Hurra Torpedo spelar uventa nok låtar, på sin til tider tompratande og overdrivne-og-føreseielege-humor-faktar-stil rettnok, men likevel. Kred for danseraljering. Disco vert rettleg plassert i
 spott-og-spe-båsen i ei låt, her hadde scenografien gjort seg med ei partert M. Jackson-dokke i tillegg. Men ingen saknar han likevel, mykje folk her som trivst storleg med det som her er, og to ekstranummer kjem. Etterkvart, under "Total Eclipse Of The Heart" (eller liknande), må til og med eg skratta, her vert vanskeleg å drikka øl og samstundes vera tilskodar til HT's rasande innleving, og når mr. Schau til slutt står på toppen av frysaren og lyfter komfyren over hovudet, er eg for ein gongs skuld glad eg ikkje står framme ved scena under ein konsert. Men alt går bra, um ikkje musikalsk, og eg dreg heim for å betrakta eigne kvitevarar i eit nytt ljos.