VREID – Fra en litt annen angrepsvinkel

VREID – Fra en litt annen angrepsvinkel

VREID er et band jeg setter pris på og jeg hentet inn Hváll for en liten oppdatering fra den leiren, verre er det ikke…

 

 

ET: Først og fremst må jeg få gratulere med ny platekontrakt. Dere har signet på Indie Recordings, hvordan føles så det?
V: Det  følast jævla bra. Indie Distro er jo blitt den leiande aktøren på det norske metalmarkedet, og at Vreid er ein av dei første banda dei signerar når dei startar eigen label, ja det kjennes "hur bra som helst". Kjenner jo og folka godt frå før, då brorparten av dei jobba på Tuba Rec tidlegare. Var seigt når dei slutta på Tuba, og derfor er det flott å igjen kunne samarbeide med denne gjengen. 

ET: Hvordan kom så denne avtalen i havn? Var det andre plateselskap som var interessante og oppe til vurdering?
V: Me var ikkje heilt nøgd med tingas tilstand på Tuba, og sa i sumar frå at me ikkje ynskte å fortsette der. Når dette ryktet byrja å spreie seg, så rann det på med interesserte. Til slutt vurderte vi 5 seriøse tilbod, deriblant eit par av dei store etablerte Metal selskapa i Europa. Men for å seie det rett ut, så var det for mykje feller og faenskap i desse kontraktane til at me ville gå den vegen. Nok av band som har blitt sittande med balla i klem pga av ulumskheitar i kontraktane. Indie tilbudde oss ein lekker totalpakke, og så er ok å vite at ein jobbar med seriøse folk som verkeleg trur på bandet ditt.

ET: Hvordan står det egentlig til i Vreid leiren da? Hvordan er status i Januar 2007?
V: Ny label, nytt album, ny europaturné og festivalar er booka, blir ikkje arbeidsledig med det første nei.

Vreid_2.jpgET: Jeg vet at dere holder på å gjøre dere ferdige med album nummer tre nå. Hva kan vi forvente på den nye Vreid-skiva og har dere gjort noe anderledes denne gangen i forhold til låtskriving, arrangering etc.? Og kan du avsløre albumtittel og kanskje noen låttittler til oss? Jeg vet også at vi snakker om et konseptalbum, kan du si litt rundt det?
V: Albumet vil få den klingande tittelen I KRIG. Tekstane er basert på den kjente poeten og motstandsmannen Gunnar  Reiss-Andersen si diktsamling "Dikt frå krigstid" frå 1946.  Eit unikt verk som har vore svært inspirerande å jobba med.
Musikalsk har me roa ned tempoet litt, og det er utvilsamt det mest stemningsfulle Vreid albumet så langt. Det er meir melodiøst enn dei 2 første albuma, men likevel vil det lete umiskjennelig Vreid. Eg vil ikkje kalle det ei ny retning, men ein litt anna angrepsvinkel. Pitch Black Brigade fungerte sinnsjukt bra, og det har vore ein fryd å framføre materialet frå den live. Sidan PBB blei så bra, følte eg det ekstra viktig å prøve å gjere ting litt annleis denne gangen, for å prøve å unngå å repetere seg sjølv i all for stor grad.

ET: Hva har dere holdt på med siden dere slapp Kraft i 2004? Hvordan var egentlig mottakelsen på den skiva og hvordan ser du den nye i forhold til Kraft?
V:Kraft fekk svært god mottaking, både hjå annmelederar og blant folk. Noko blei sikker skuffa over at det ikkje var ein blåkopi av Windir, men då meinar eg du ikkje heilt har fatta poenget. Dei aller fleste syntes det var dritfeitt at me allereie på første albumet greidde å skape vår eigen identitet. PBB tok ting endå meir i ein rocka retning. PBB fekk supre annmeldelsar og me merka tidleg at materialet ville fungera utemerka live. PBB er utruleg rå og direkte i uttrykket, men likevel er det mørke stemningar som heile tida ligg og kvernar i bakgrunnen. Me har gjort over 60 konsertar basert på desse 2 platene dei siste 2 åra, og me har merka ein klart stigande interesse for bandet pga detta.  Å komme seg ut å spele konsertar har vore, og vil være svært viktig for Vreid.

ET: Dere var også å spilte en konsert i statene for første gang nå nylig. Hvordan var den opplevelsen?
V: Det var ei artig oppleving. Amerikanarane er endå ikkje heil fortulege med den mørke musikken frå Noreg, men interessa er aukande. Merka før konserten at folk var jævla spente på showet, og responsen var knall. Var ei god oppleving å sjå at musikken vår har fått fotfeste på andre sida av dammen. Elles elska alle me traff i Minnesota Noreg. Alle me traff påstod dei var norske. Til og med politimannen som kom for å rydde opp i eit fuktig hotell nachspiel blei i storform då han høyrde ordet Noreg.  Utvilsamt at utvandringa har sett sine spor i den staten. 

Vreid_1.jpgET: Hva er så planene videre utover å slippe ny skive på nytt plateselskap?
V: I påska reise me på vår første headliner turné i Europa. Det blir konsertar i UK, Tyskland, Nederland og Belgia. Batterd og In Vain blir med som support. Det blir nok ein feit tur ja. Første konsert på turnéen blir Ragnarok festivalen i Tyskland med bla band som Moonsorrow, Taake og Kampfar.  Elles så er me booka til MetalCamp i Slovenia, som er ein av dei større festivalane i Europa. Wacken var kanonbra i fjor, så me håpar at MetalCamp blir lika bra.

ET: Avslutt med hva du måtte føle for.
V: Takk for interesse Ruben, og ja eg lovar å sende deg Weh demo snart. Weh er for øvrig eit band alle andre som likar knakande gode låtar bør sjekka ut. Elles er det greitt å følgja med på www.vreid.no   for å halde seg oppdatert på kva som skjer i Vreid leiren frammøve.

Skål!!!!!!!!

Og det er vel ingen hemmelighet at det er andre enn meg som gleder seg til å høre hva VREID gjør på I KRIG!!!