White Tundra – ute med ny single

White Tundra – ute med ny single

White Tundra – ute med ny 7” single

Med groovy, riff-sterk stoner-rock som får blodet til å pumpe, kombinerer White Tundra lengselen etter  syttitalets tungrock saman med nittitalets stoner-scene. 

Med eit hardt driv, dobbel gitar og kompromisslaus vokal, leverer bandet energiske og intense konsertar. White Tundra har holdt på i fire år, og har laga ny musikk heile tida. Dei slapp sin  fyrste EP "Graveyard Blues" gjennom All Good Clean Records i 2020, og har no ein ny  singel, sjutommaren "Honningfella", som er ute idag, 11. juni.

Låtene kan høres her https://orcd.co/wthsi

Etter eitt skifte av besetning i etterkant av Graveyard Blues, har dei raskt produsert ny musikk og  returnert til studio. Gruppa har arbeid trygt gjennom karantene, og har no to virus-resistente  beist av nokre nye låtar klare. Miksing og mastering er utført av Niklas Källgren, frå Truckfighters og Enigma Experience i Studio Bombshelter. 

Gruppa har røtter i gjørma av stoner-rock, inspirert av band som Enigma Experience, Uncle Acid & The  Deadbeats, og Skraeckoedlan. Bandets kombinasjon av fengende melodiar og mørke stemningar vil snike  seg innpå deg og treffe deg akkurat der det gjer godt når du finn deg i det brakande landskapet dei har  kalla Honningfella. 

White Tundra har utvikla seg til ei solid livegruppe etter fleire konsertar i Trondheimsområdet, og er no  meir enn klare til å kome seg på scena etter eit konsertfattig – dog ikkje heilt tomt- sjukdomsherja 2020.

Singelen slippes på alle strømmeplattformer inkludert BandCamp og som 7" på fysisk format.

https://www.facebook.com/WhiteTundraBand/