BÅÅÅV – returnerar med episk album!

BÅÅÅV – returnerar med episk album!

BÅÅÅV er attende med meir av sin unike punk patehetique! 18. mars slap dei albumet
REKYYL på finfin gatefold vinyl og alt av digitalt. REKYYL er ein mundan miks av punk, heavy
metal og klassiske popreferansar!
 
BÅÅÅV starta som ein punkduo på Leikanger i Sogn på slutten av 90-talet. Vokalist og bassist Trond Frækaland og gitarist Sven Roger “Sør” Sørensen har sidan den tid holdt kursen stø på eiga hand. Den siste tida har dei derimot tenkt utanfor boksen og rett og slett fått med seg trommis! Med Christoffer Zibell på trommer er BÅÅÅV blitt ein markant og ufin trio som ikkje let seg Pelé på nasen.
 
Albumet REKYYL er blitt til over ein lenger periode med låtskriving, filosofi, og levd liv i øvingslokalet. Som alltid leverar BÅÅÅV hardt og kompromisslaust på det musikalske området, og låtane trekker dei nærast direkte ut av eiteren. Med tydelege referansar til gammal storheit som Ramones, Kiss, og Judas Priest, og eit grovkalibra sugerøryr ned i skattekista heavy metal, konstruerar BÅÅÅV eit tvers gjennom ureint produkt som får det til å riste både i nakken og mellomgolvet. Sleng ein god slump pop i miksen og så har du BÅÅÅV på sitt beste/verste! 
 
Bandet sjølv er elegant beskjedne på eigne vegne og seier om den kommande skiva:
 
“Ut av ei 20 år lang innspelingsdvale røyser BÅÅÅV seg frå oska for å gjere verda endå litt verre. 13 spor med eklektisk, metallisk bygde-punk rock, med musikalske avstikkarar mest kjent frå popmusikken brer seg over oss. Med lyrikk så ille at du prisar deg lykkeleg over at du ikkje forstår eit einaste ord av Sognemål.”
 
Lyrikken ér i ei klasse for seg. Den handlar som alltid om det som kjem frå den djupe mørke innsida av mennesket. Klassiske tema som brutte lovnadar, å prøva men å stadig feila, det harde fysiske livet i Distrikts-Noreg, og sist med ikkje minst: kjærleiken og tapet av denne. Dette kan neppe slå heldig ut!
 
Sjølv om musikken er spelt inn av bandet sjølv i beste DIY-stil, er mix denne gong levert av Herbrand Larsen i Conclave & Earshot Stuidos. Mastring er levert av sjølvaste Solkongen Iver Sandøy – frå sitt høgt elska Solslottet/Duper studio. Tilsaman har dette resultert i ei plate som let heilt fantastisk, og som meir eller mindre tryglar om å bli levert frå vinylrillene ut gjennom eit stereopar budsjetthøgtalarar og direkte inn i øyregangen din! Tekstane derimot, er det ikkje noko å gjere med.
 
Coveret er ein herleg gatefold lekkert designa av Per Christian Grov.
 
REKYYL består av ei A-side ikledd 7 blodferske spor, medan B-sida er den tidlegare utgitte men stadig heilfrekke EPen “Romantisk Rock med BÅÅÅV”. 
 
REKYYL er ute på 180 gram svart, serriøs vinyl og digitalt på Systrond Recordings 18. mars 2022. Stay tuned!
 
Tracklist:
  1. (Faen meg) Ring på spring
  2. Vent deg
  3. I beit fu pils
  4. Reine i røvi
  5. Rosa kjærleik
  6. Bekkaspark
  7. Shrekkenbåv
  8. Systrond
  9. Hald hestane
  10. Sa da med fis
  11. Drikke so da dågga 2
  12. Ronken
  13. Sympati
 
 

Leave a Reply