AYREON – The Source

AYREON – The Source

Arjen Anthony Lucassen, betre kjent som mannen bak prog-prosjektet Ayreon, er ute med sitt niande studioalbum, "The Source". Og nederlenderen slår like godt til med eit dobbeltalbum, med ikkje mindre enn elleve gjestevokalistar. Blandt desse er det også to norske, Nils K. Rue (Pagans Mind), og Michael Eriksen, (Circus Maximus). Når det i tillegg er eit konseptalbum, med ei vill historie gjennom tid og rom, ligg alt til rette for eit grandiost prog-epos.

Historia går føre seg i det ytre rom, langt tilbake i fortida. Menneskeheita har mista kontrollen over sin eigen planet, Alpha, og maskinene er i ferd med å utslette dei. Presidenten (Russel Allen) har mista makta til hovedmaskina The Frame, og fortvilar når han ser resultatet av sine feil. Opposisjonsleiaren, (Tommy Karevik), ser likevel håp, og saman samlar dei ein gjeng utvalgte til å rømme frå planeten, og redde menneskeheita. Men for å få dette til, må dei ta i bruk eit middel, kalla The Source, som gjer at dei kan leve under vatn på planeten dei har valgt seg ut, Sirrah.

Alt dette vert fortalt over to plater, og fire kapittel, med til saman 17 spor. Og ja, det er overdådig og til tider ganske kleint, men på denne plata vert det i mine øyrer bagatellar. For dette er først og fremst eit utruleg godt komponert stykke musikk. Dynamikken, riffa, vokalen og melodiane er akkurat slik dei skal vere. Mest imponerande er vokalprestasjonane til Nils. K Rue og Russel Allen, men også Tobias Sammet (Edguy, Avantasia), er mellom andre med på å setje farge på verket. Historia er også fengjande, og det heile er så storslått og detaljert, at ein vert imponert over det arbeidet som er lagt ned.

Om du ikkje likar pompøs prog-metal, er det berre å styre unna, då vil du sannsynlegvis ikkje like "The Source". Men om du likar denne undersjangeren, og er glad i gode vokalprestasjonar, melodiar og taktskifter, vil du elske den nesten 90 minutter lange plata.