DATAROCK til Samfundet (3/9)

DATAROCK til Samfundet (3/9)

Lørdag 3. september 2011 – Trondheim/Samfundet – Storsalen

 

DATAROCK

 

C.C. NOK 160/220

18 år leg plikt

 

Ta fram danseskoa og den raude joggedressen – Datarock er igjen klare for å innta Storsalen med sitt forrykande liveshow, raude joggedressar og svære solbriller.

Bandet består av duoen Fredrik Saroea og Ketil Mosnes. Bandet blei starta som ein spøk mot rockarar som trudde at elektronisk musikk var enkel datagenerert musikk, og dei ville få fram at data betyr informasjon. Med det har dei skaffa seg sin eigen sound.

Bandet sitt første album «Datarock Datarock» gav oss låtar som «Fa fa fa» og «Computer Camp Love», songar som er blitt så godt som allmenkjende både i Norge og Internasjonalt. «Fa fa fa» har blitt brukt i ein reklamefilm for Coca Cola, dataspelet «The Sims 2», og Apple har brukt musikken frå plata i markedsføring for iPod. «Datarock Datarock» er eit av dei få norske albuma som har kome i Rolling Stone Magazine si kåring over dei 100 beste albuma utgitt i løpet av 2005.

I 2009 kom deira andre plate «Red», inspirert av 80-tals discorock og wave-synthpop. Dei har blitt Norges mest internasjonalt aktive band med over 800 konsertar i 35 land jorda rundt bak seg. Bandet har spelt intet mindre enn 18 turnear kun i Amerika sidan 2007.

Til hausten er det omfattande Noregs- og USA-turné som står på plakaten for bandet.

– Vi har allerede turnert «Catcher in the Rye» med over 50 konserter i ni land. «California»-EP’en som kommer nå, som er den vi skal basere høstens turneer på, kommer først og fremst til å inneholde sanger som skal inn i musikalen vi skal ferdigstille i løpet av neste år. «Datarock – the Musical!» skal den hete, avslører vokalist Saroea.

Ikkje nøl, ikkje tvil – ta turen til samfundet, og opplev nok eit fantastisk show!