Trøndermetal i Hulen (1/9)

Trøndermetal i Hulen (1/9)

Torsdag 1. september 2011 – Bergen/Hulen

 

GOAT THE HEAD

&

MANIFEST

 

C.C. NOK 120,-

18 år leg plikt

 

 

GOAT THE HEAD

Ikkje så ofte får Hulen besøk av ordentlege holebuarar. Goat The Head, holerockarar frå Trøndelag, tek opp arva frå dei gamle steinaldermenneska som – i fylgje Goat The Head sjølve – dreiv med vanvittig groovy ekstremmetall. Primalskrika frå trøndarane er kanskje det mest passande mellom holemaleria på dei fuktige veggane i Hulen.

Midt mellom all den seriøse svartmetallen Noreg er kjend for dukkar Goat The Head opp iført romdrakt eller steinalderkostyme. Dei bryt den alvorlege og seriøse stemninga til svartmetallen med humor og eit lurt smil. Musikken er groovy og thrashete daudmetall, tekstane er meir meiningsfulle enn du fyrst trur og viljen til å eksperimentera er alltid til stades.

No er dei aktuelle med sin andre fullengdar, «Doppelgängers», som vart gjeven ut i fjor haust til gode kritikkar. "Containing more hooks than the entire Saw Saga, punishing the listener with relentless headbanging material from the beginning of «Neolithic Rocket Science»" skriv metalstorm.net, og nocleansinging.com føl opp med "Do you want the kind of adrenaline jolt you can usually get only from having live electrodes shoved up your ass, but without the rectal bleeding? «Doppelgängers» delivers."

Truleg har du for lite contemporary primal caveman death metal i deg. Frykt ikkje! Goat The Head vil gje deg meir – men ikkje nok. 

 

 

Manifest_logo_2.gif

MANIFEST

 

Manifest er ei gruppe frå Trondheim som til no har gjeve ut tre album, det eine betre enn det andre. Sist ute er albumet «Written In Blood». Dei finn seg sjølv i grenselandet mellom daudmetall og thrash, og beherskar begge sjangrane godt.

Kritikarane, om det er heavymetal.no, metal-norge.com, eternal-terror.com eller Scream Magazine, er alle samde om at «Written In Blood» er ei botnsolid plate frå trønderrockarane i Manifest. Ikkje berre har dei fått gode skussmål frå metal-miljøet, men òg Adresseavisa har gjeve dei god kritikk for «Written In Blood». Dei har i tillegg til gode kritikkar etablert seg som eit solid live-band med godt rykte på seg. Manifest har spela i Bergen fleire gongar før, dei to siste gongane som oppvarming for Entombed på Hulen.