NEKROMANTHEON & WHIP – Oslo – Unholy 1 år

NEKROMANTHEON & WHIP – Oslo – Unholy 1 år

Unholy feirar eitt år i Pilestredet med ein trebands gratiskonsert, og her er bra folksamt, gledeleg at folk som kjenner dufta av gode band kjem seg på konsert! I staden for den der "Metal-"sossen som trur at det er samanheng millum høg inngongspris og gode konsertupplevingar. Eg kjenner meg heime med ein gong.

Men eg presterar å koma for seint til fyrstebandet Forcefed Horsehead.

Whip går som uvanleg valdsamt til åtak, eit kontant helvete; trass i frenetisk tempo er låtane rocka i rytmene, små skiftningar der, gjev meg ein usæl cool kjensle. Men fyrst og fremst bakoversveis. Er meir variasjon og lengre låtar enn det eg kan hugse av Whip-konsertar; godt inne i Doom Metal’en ved eit høve og bisarre riff ved eit anna. Bandet verkar ufysleg spelesvoltne og me veit kva det vil seia?! Sturts gitar er i stålhard form, han og Kai er liksom Knoll og Tott der framme på scenekanten, finn på faenskap heile tida; med den nye trommeslagaren Kikken (ikkje forveksle med Kickan i Nekromantheon) gjer trioen frå seg på ein måte som er Whipsk vill, uberekneleg, og godt samstelt på ein og same tid.

Nekromantheon har fått med seg Bestial Tormentor frå Infernö/Waklevören/Lamented Souls) i kveld og med to gitarar lèt dei tyngre enn før. Eg likar ikkje dette nye uppsettet so godt som det gamle. Har alltid sett pris på Nekromantheon sitt enkle, punka ljodbilete som Arild har riffa seg igjennum kvasst og elegant. Dette vert heilt burte i kveld med sopass massiv ljod; høver godt til Deathhammer, Nekro derimot har ein litt annan Thrash, meinar eg, like so gamaldags skoren, men venare i kantane. No er ikkje ljoden dårleg her på Unholy, nei då, full guff! og det høyrast godt bakover i publokalet, i motsetnad til andre småstadar der ein må få plass framved scena for å høyra noko som helst. Dei som er klåre for meir snøgg og hard sonisk handsaming får metta si til fulle i kveld, for det sparast som vanleg ikkje på noko frå Nekromantheon.