VOID OV VOICES i Bergen i morgen lørdag 30/4

VOID OV VOICES i Bergen i morgen lørdag 30/4

ATTILA CSIHAR aka VOID OV VOICES (Mayhem/ SUNN 0)))
JAAP BLONK
KAREN SKOG ORKESTER
MØLLERHAUG & EIDE (Live-arkivering)
DJ TARIK


Pilota & BEK presenterer
SALMONSENS ARKIVSIRKUS
30. april Kl 21:00
Landmark

Då Arkivsirkuset sist samla troppene var det gløymde dyr frå Naturhistorisk Museum som spelte solostemmene: Månefisk, rotter, maneter med meir. Til Landmarks 10års jubileum er det ein hest: Salmonsen.

I mange borgalege heimar på tjuetalet sa man at Salmonsens Konversationsleksikon var som å ha ein hest i bokhylla. Lærmengda i permane tilsvara ein heil hingst. Det megalomane 24 bind store norsk-danske leksikon. Trykt av ein dedikert dansk boktrykkar – Isaac Salmonsen og hans namnlause bror. Tusenvis av artiklar om for lengst utdøydde dyr, ideologiar og mennesketypar.

Desse artiklane vil Nicholas H. Møllerhaug & Espen Sommer Eide (aka Pilota – som tidlegare drifta Trollofonen, Klubb Pilota, Rural Readers, Myggbasen m.m.) arkivere live frå scenen – ved å bruke eit nytt digitaliseringssystem. Spesialutvikla for anledninga.
Arkivmaterialet vil umiddelbart bli kommentert live av to legendariske sjangersprengande songarar: Jaap Blonk og Attila Csihar.

Csihar aka Void ov Voices frå Ungarn er mest kjend som vokalisten i Mayhem og Sunn 0))). Han har ei spesiell evne til å kombinere dyrelydar med majestetisk djup slavisk bass. Han har også store performative evner med bruk av masker, klær, røyk og lys.

Blonk frå Nederland er både eit anlet og ei stemme. Anletet hans fortel alt og meir enn det. Stemma hans toppar dette med eit artilleri av all verdas fonetiske frikativer, spiranter, vokaler og allofoner. Jaap var med på førre Arkivsirkus – og gav mykje nytt liv til dyra i Museumstårnet. Mange hugser "stemma "han gav den vetle ørkenrotta.

Karen Skog er ei ny stjerne på Bergens musikk-himmel. Karen Skog Orkester er kveldens sirkusorkester – med sine sirlig utskjærde utopiske tonar og instrument.

Dj er byrommets mest spanande og allsidige (!) unge fil- og platesnurrar – DJ TARIK. Han har både carte blanche og noire.

Dørene opnar kl. 21, KONSERTSTART 21.30 !
Pris: 80 kr.

Støtta av Landmark, Bergen kommune og Ny Musikk Bergen.



Attila Csihar:
http://www.youtube.com/watch?v=4ODAC_-PJGM

Jaap Blonk:
http://www.youtube.com/watch?v=rs0yapSIRmM

Karen Skog Orkester
http://www.myspace.com/karenskogorkester