ORANGE GOBLIN – Oslo – John Dee

ORANGE GOBLIN – Oslo – John Dee

Lang, eterisk, innadvendt intro med nok distoriton på ein einsleg gitar til å fylla større salar enn John Dee; sakte og rivande dreg Eternal Elysium kvelden i gong. Seinare kjem bassen og trommane – hardt! – med. Det syner seg etterkvart at trioen kan variera farten upp òg, men for det meste spelar dei dooma Stoner. Musikken til dette japanske bandet er meir typisk stemning enn sint rock, kan vera noko for den gjennumsnittlege, mediterande hasjrøykar; etter ei tid synes eg konserten flytter seg frå kool til langdrug. Vokalen er tam, trass i at både gitaristen og bassisten deler på den, dette tek seg noko upp i sistelåta "Agent Of Doom" som inneheld eit halv-punka innslag.

I Place Of Skulls driv sjef og (tidlegare Death Row- og Pentagram-) gitarist Victor Griffin sin misjon. Leverar ein anna type Stoner enn Eternal Elysium, meir typisk stoner-hardrocka enn fyrstebandet, meir tempo og strammare låtar; trommestikkar i høgste vêret, det smell bra der bak, men bass er plåga med låk lyd. Victor G. har sjølv teke over vokalen etter Scott "Wino" Weinrich, noko av ei uppgåve det, har ikkje har same røysta som Wino, han heller; men er lett attkjenneleg vokal han Victor presterar, slik eg høyrer den i høve til album-låtar. Dreg bra i strengjane gjer han, men utan å gå amok. Minner meg eigentleg meir um The Obsessed enn Pentagram. Lengje å vente på ein Pentagram-cover; når "Relentless" kjem, er her straks ein skarpare tone, men kvifor amputera låta ved å spela ein annan låt inne i den?

Me får ei fin upptraping på programmet, upp til Orange Goblin sin rocka, tunge, groova Metal. Låtar som driv deg med, dei syner seg å vera eit særs fengjande live-band. Denne enkle kombinasjonen av rytmer og og ein gitar på full vreng skapar grom Stoner Metal! Skal ikkje påstå gitarist Joe Hoare er betre enn Victor Griffin, men når han riv so rått og tungt er han det likevel. Både gitaren og vokalen står seg godt i den skitne musikken. Dette er verkeleg kveldens headlinerar, bandet er uppriktig og bittert speleglade, for eit noko over halvfullt John Dee. Har ikkje sett mange etablerte band ha denne innstillinga til eit sopass lite publikum, det må vera Entombed i so fall. Vokalisten er ein triveleg scenpersonlegdom og underheld publikum i millum låtane, i låtane òg, når han tek seg turen ned i fotograva medan han syng. Rett som det er får han sjølv vitjing uppe på scena òg, av scenehopparar. Folket storkosar seg, her det livleg på
 dansegolvet, og fleire av dei som er glad i Metal kunne godt ha innfunne seg her i kveld. Bandet går av, men ingen går heim, for det er sjølvsagt at dei kjem fram att i denne stemninga dei har greidd å skapa i salen, so me får tre ekstra, blandt anna Black Sabbath’s "Symptom Of The Universe".