TRENCH HELL – Oslo – Betong

TRENCH HELL – Oslo – Betong

Medan alskens rocke- og "Metal-stjerner" syner seg meir eller mindre heilhjarta fram på dyre festivalar har South Of H. og Old School Booking trylla fram ein godkveld i Oslo, med tri nyare band. Av det gode, gamle slaget. Thrash assault!

Fyrst framme på scena er Antichrist, eit ungt band av utsjånad, men dette inntrykket skal snart vise – høyra – seg fullstendugt misvisande. Desse fem unggutane gjev frå seg ein usminka, småpunka Gammalthrash du sjeldan høyrer notildags. Køyret og suget av dette helvetet er ei fjetrande uppleving, lange låtar i tidvis høgt tempo, og tromminga er fleire hakk over gjennumsnittet både i evna til å halda variasjon og aggressiviteten uppe i settet, som inkluderar Exodus’ "A Lesson In Violence". Antichrist syner seg å ha den perfekte haldninga, høveleg avslappa og samstundes kompromisslause i uttrykket. Gjev meg ei herleg bisarr kjensle. 
Svenskefaen har greidd det igjen, kvar tek dette vakumet av eit daudland all den gromme Metal-inspirasjonen frå? Å, ja. Bathory. 

Die Hard greier å svinga ei grovøks av skiten Thrash i roten lyd, tromminga gjev meg høve til å svinga med så busta fyk, men Die Hard tenner meg likevel ikkje like djupt som landsmennene deira gjorde fyreåt. Venom’s "Countess Bathory" og "Fed To The Lions" er høgdepunkta, synes dei to samlar trykket tydelegare enn resten av settet som vert sløva av ein lyd som hadde vore meir høveleg til Death Metal, og som ikkje slepper fram korkje vokal eller gitar skikkeleg. Synd, for trioen har mykje frisk og ekte Thrash på lager. Tilfredsstillande og OK konsert samanlikna med mykje anna eg har høyrt, men liten nedtur er det lell. Neste gong, karar.

Trench Hell har teke turen frå Australia og vel plassert på scena fyrar dei likesogodt av gromlåta "Southern Cross Ripper" med ein gong. Tung 80-tals Thrash med "skjult" punkinnflyting og Death Metal, ja, gammal Celtic Frost. Her er det ikkje mangel på samling og trykk, med unntak av vokalen som stundom høyrest i stakkato meir korleis det kan ha seg. Innimillum gjer han sitt for å få oss til å skrika med og er den mest tydelege frontmannen i kveld, dersom du meiner slikt er viktig. Det vesle ekstra som Antichrist hadde, manglar Trench Hell; det internasjonalt røynde vs. ungdomens uhindra energi, 0-1. Eit lyft frå Die Hard er det verkeleg nok, og kor ofte høyrer du nokon covra Hellhammer’s  "The Third Of The Storms (Evoked Damnation)"? Eg kosar meg, det gjer bandet òg, inviterar han svensken som var gjest under Die Hard til å sjunga "No Class". Eit par skikkelege headbangingsessions til med myrke gleder i Metal’ens teikn og dermed er det
 slutt.

Noko tidleg slutt, spør du meg. Er klar for minst eitt band til, det er nemleg ikkje kvardagskost å få slike kveldar i atmosfæra av tjugefem år gammal Metal. Det vert vel meir utover året, eller kva? Ser jo at Vulcano ynskjer seg Europa-konsertar i haust…………………………………..