ST SATAN med plateinnspilling og sleppefest på samme dag.

ST SATAN med plateinnspilling og sleppefest på samme dag.

St Satan: "Horns for adornment" – plateinnspeling og sleppefest den 6. februar 2010!

Undergrunnsslitarar, spelemannsprisvinnarar og ein av Noregs mest profilerte produsentar lagar plate og har sleppefest på under 24 timer.

St Satan er eit band frå Bergen som spelar vulgær hard rock. Den 6. februar 2010 skal debutalbummet spelast inn, miksast, mastrast, trykkast opp i eit begrensa opplag samt gjerast tilgjengelig på internett, før utgjevinga skal feirast med konsert på Garage i Bergen samme kveld. Altså skal alt dette skje i løpet av mindre enn 24 timar!

Innspelinga skal skje i Duper Studio, med den høgt profilerte Jørgen "Dupermann" Træen bak spakene. I løpet av dagen skal bandet sine profilar på twitter, facebook, myspace, qik og blog oppterast jevnlig med bilder og video frå innspelinga.

Rammevilkåra for å drive med musikk har endra seg dei seinaste åra. Bandet vil med dette og vise at ein kan spele inn og gje ut ei plate med begrensa midlar, og dekke det meste av investeringa (med unntak av alle dei svette timane i øvingslokalet) allereie ved første konsert. I tillegg slår bandet eit slag for meir ekte innspelingar av musikk, der ein faktisk kan høyre at det er eit band som spelar saman i studio, i motsetnad til lag på lag på lag med instrumentar som vert spelt i takt med ein computerprosessor.

St Satan er:

Trond Absalonsen – vokal (The Swamp Babies, Slut Machine)
Kai K Lie – Bass (The Batallion, ex-Borknagard)
Thomas T Dahl – gitar (Krøyt, Vossajazzprisen-vinnar, Ephemera, Marion Raven ++++++)
Tarjei A Heggernes – gitar (Lost at Last)
Nils A Drønen (Ole Amund Gjersvik Quintet, Jazkamer, Public Enema ++++++++)

http://stsatan.blogspot.com/
http://www.myspace.com/stsatan
http://www.twitter.com/stsatan
http://www.facebook.com/stsatan
http://qik.com/stsatan