LEGEND TRONDHEIM – presenterer THROUGH THE CANOPY og BLUDOZER

LEGEND TRONDHEIM – presenterer THROUGH THE CANOPY og BLUDOZER

Event: https://www.facebook.com/events/1604811430536244

THROUGH THE CANOPY

support: BLUDOZER
Trondheim – Lager 11

6. mars 2026

Dørene åpner kl 20:00
Konsertstart kl 20:30

18 år leg pliktBillettpris er 270 kr ved forhåndskjøp og 320 kroner ved dørsalg.

https://tikkio.com/events/61618

THROUGH THE CANOPY:
I dei noko diffuse etterdønningane av ein Pentagramkonsert i slutten av 2016 vart lineupen til Through The Canopy komplett, og etter det har bandet ikkje sett seg tilbake. Through The Canopy er tungt, seigt, fint og hardt; alt på same tid. Bandet har befesta seg som eit solid liveband med eit større lydbilete enn trioformatet skulle tilseia, veldokumentert gjennom konsertar i inn- og utland. Musikalsk leflar TTC med doom, prog, psychedelia og hardrock, kall det gjerne postmetal, og hentar inspirasjon frå band som Neurosis, Tool, Yob, Elder, Russian Circles og Motorpsycho. Med ei slik referanseliste er fallhøgda stor, men TTC har ingen intensjon om å kopiera dei ovannemnde banda. Resultatet er heller ein salig lapskaus av seige riff og lange crescendoar. Godt låthandverk kombinert med kompetente instrumentalistar driv låtane sakte og sikkert gjennom ein dynamisk berg og dalbane. To låtar vart spelt inn i 2017 og mastra i Abbey
Road av ingen ringare enn Sean Magee (Rush, Iron Maiden, Beatles, Rolling Stones). EPen «Descension» kom ut i Januar 2019, og hausta gode kritikar. Debutalbumet er ligg og godgjer seg, og er venta å koma ut når som helst.Nye låtar aldri tidlegare framført vil bli presentert denne dagen, i tillegg til gode gamle schlægersThrough The Canopy er:
Kristian Drivenes – Gitar/vokal
Eirik Mathias Husum – Bass/vokal
Torgeir Sølvberg Nilsen – Trommer/vokal

https://open.spotify.com/artist/72ywE5pELAAACMMjLGtNGb…

BLUDOZER:
Bludozer er et progressivt tungrock-band fra Trondheim. De har holdt på noen år og etablert seg på den lokale scenen i Trondheim. Musikken er energisk med en progressiv touch og live har de omtale som solid og engasjerende.Bludozer er:
Per Arne Hildal – Gitar/Vokal
Øystein Viggen – Bass
Anders Vinje – Trommer
Kent Overholdt – Gitar

https://open.spotify.com/album/2hG1QWiNUWOsCm0oUIcA3y…

Leave a Reply