UTFLOD – ny single ute

UTFLOD – ny single ute

I 2022 byrja Utflod å krype ut i frå skuggane. Dei vart lagt merke til av mange arrangørar, og vart skrive om i aviser. NRK tok til og med kontakt! Så gjengen i Utflod bestemde seg for å lage eit album! Da dei byrja å røre rundt i heksegryta skjedde det noko forunderleg. PLUTSELEG, da året var på det mørkaste, fann vokalisten Oda ut at ho var gravid. Kva skulle dei gjere no? Etter å ha søkt stønad for å lage album, og fått det innvilga vart alt meir usikkert. Bandet sa fuck it. Vi tar ein kort live-pause, men gunner fortsatt på mot eit album! Da Oda gjorde det mest brutale og metall eit menneske kan gjera, føde eit barn, og være i morspermisjon, arbeida resten av Utflod med barn nummer to, Efterdønn! Ru svetta, komponerte og delegerte oppgåver. Kristoffer sine hender blødde, og Mirco tok med seg bassen i traileren. I Januar 2024 drog dei alle til studio for å spele inn, skape, det usynlige livet: Efterdønn.

Med Efterdønn blir du med på hesteryggen og rir igjennom stormar, mens du hyler for full hals. Den raude tråda i Efterdønn er refleksjonar og erfaringar angåande menneskeslekta si råskap. Frå vogge til grav. Frå det aller mørkaste, til det aller vakraste.
“Stine” er den andre singelen fra albumet Efterdønn, som kommer 4. oktober.

 Om bandet:
 Ideen om at galskap er sunn og fridom er som ein knyttneve i magen, førte Oda og Ru saman i djupet av universitetet og helvete i Bergen. Saman bestemte dei seg for å skapa det brutale for å uttrykkja sine kjensler om menneskeslekta og nonsens. Duoen produserte fleire låtar i Ru sitt heimestudio, og på ein mørk haustnatt i 2018 trong dei hjelp til å føda barnet, kalla Utflod. I dag består Utflod av Oda (vokal), Ru (Gitar, vokal), Mirco (Bass), og Kristoffer (Trommer).
 
 I 2022 gav bandet ut si første EP “Undergang,” som vart møtt med god kritikk frå anmeldarar, og Utflod fekk tittelen “Bergens sintaste band” av Bergen Tidende. Same året signerte dei med plateselskapet Apollon Records. Bandet si grenselause oppfatning av sjangrar har vore med på å forma ein lyd som hentar inspirasjon frå punk/hardcore og metallsjangrane og blander det saman til det dei kallar “black-core.”

Leave a Reply