DREAMARCHER gir ut sin første EP i Mars

DREAMARCHER gir ut sin første EP i Mars

Harding er ein hyllest til Dreamarcher sin heimplass. Den er skriven i respekt av dei som klamra seg fast i dei bratte fjellsidene, planta frukttre, spelte fela med åtte strengar og kledde fjellet i store svarte røyr. Slik skapte dei eit samfunn og eit liv for alle dei som kom etter seg. Harding er skriven i fascinasjon båe for dei heroiske og utrulege historiane, men også historiane om alminnelege folk som levde vanlege liv og sleit med seg og sitt.

Ein harding er ein person frå Hardanger, men også ein vêrbiten, varm og mentalt sterk person. Å leva i ei steinsrøys kor ras isolerer vegar både sumar og vinter, medan røyk og fjell stengjer ute både sol og varme, gjer noko med ein. Ein må væra oppfinnsam, laga sin eigen varme og sitt eige lys – si eige Trolltunga og sitt eige sjukehus…

 

Dreamarcher-HardingEP-1440x1440_preview.jpg

 

Tekstane er laust basert på og inspirert av historiane til Odda-forfattar, bloggar og tidlegare journalist Jan «Jangen» Gravdal. Han er ein av dei få som ivaretar og byggjer oppunder arva etter dei som har levd før oss. Som Gravdal samlar historiar og vidareformidlar dei til kommande generasjonar, gjer Dreamarcher det same med deira siste utgjevning, Harding. 

Dreamarcher er:
Kim Christer Hylland: Trommer, Vokal
Ruben Aksnes: Bass, Vokal
Odd Erlend Mikkelsen: Gitar
Eirik Kråkenes: Gitar 

https://www.facebook.com/dreamarcherofficial

https://www.dreamarcher.net

 

Indie_Recordings_logo.png

 

 

Tekstane er laust basert på og inspirert av historiane til

Odda-forfattar, bloggar og tidlegare

journalist Jan «Jangen» Gravdal. Han er ein av dei få som i

varetar og byggjer oppunder arva etter

dei som har levd før oss. Som Gravdal samlar historiar

og vidareformidlar dei til kommande

generasjonar, gjer Dreamarcher det same med deira siste utgjevning,

Harding.

Tekstane er laust basert på og inspirert av historiane til

Odda-forfattar, bloggar og tidlegare

journalist Jan «Jangen» Gravdal. Han er ein av dei få som i

varetar og byggjer oppunder arva etter

dei som har levd før oss. Som Gravdal samlar historiar

og vidareformidlar dei til kommande

generasjonar, gjer Dreamarcher det same med deira siste utgjevning,

Hardin