ORPHEUS på hovedstadsbesøk (6/7)
- by Eternal Terror Admin
- Posted on 05-07-2011
ORPHEUS
C.C. 100,-
18 år leg plikt
Orpheus spelar heavy metal. Enkelt og greit. Riffing med referansar til band som Black Sabbath og Opeth ispedd eit snev av 80-talets store heltar og 90-talets Gøteborgscene for litt fart. Legg til spelande trommer og topp det heile med ein kvinneleg vokal med nok trøkk til å få ballehåra til å blafra, enter Orpheus. Historisk strekkjer Orpheus seg tilbake til ein vidaregåande skule på Sunnmøre, vidare til Trøndertun folkehøgskule og dei siste fire åra har bandet etterkvart etablert seg i Trondheims undergrunnscene. På livefronten har Orpheus stått på scenar over store delar av landet, frå Oslo til Mo i Rana. Bandet har navigert seg inn i katastrofeformelen "no founding members left", men både nye og gamle, eksisterande og eks-medlemmer, og ikkje minst publikum, er samde om at bandet aldri har vore betre. EPen frå 2005 fekk gode anmeldelsar mellom anna i prestisjemagasin som Scream og heavymetal.no. Innspeling av ein fullengdar nærmar seg slutten, og eit slepp på seinhausten vert sett på med stor entusiasme og spenning.
Presseklipp:
"Jeg ser frem til å både høre mer av dette bandet på skive og ikke minst oppleve dem live igjen." – Eternal Terror Live
…en meget imponerende forestilling." – Eternal Terror Live
"En mer enn godkjendt debut" – Helge Norvik, spot.no "
..jeg hører mer enn gjerne mer fra denne talentfulle gjengen." – Leif Kringen, Scream Magazine