KATLA – Móðurástin

KATLA – Móðurástin

Tomannsprosjektet Katla består av Einar Eldur Thorberg Guðmundsson & Guðmundur Óli Pálmason (Solstafìr). Dei kom ut med si første plate, Móðurástin, i slutten av oktober. Det har vorte ei plate med mange tunge riff, gode melodiar, og god variasjon til å vere såpass tung metal.
Albumet startar stemningsfullt med instrumentalsporet "Aska", som fungerar som ein fin intro til albumet. "Hyldýpi" fortsetter i same tematikken som første låt, men med litt meir intensitet, og vokal. Musikken er også veldig fint produsert, og albumet presenterar eit rikt lydbilde, som på dei to første spora dreg deg djupt inn i sitt landskap.
Då er det befriande å få ei god dose energi frå tredjesporet, "Nàtthagi". Ei fantastisk fengjande låt, som har vorte ein personlig hit hos meg. Oppbygginga mot slutten, og droppet som kjem før siste refreng er perfekt headbangingmateriale. Alt for ofte blir såpass tung metal for monoton og repetativ, slik som det kan ligge tendensar til i dei to første spora. Men her fungerar dei som ei oppbygging av plata, og at det då kjem ei såpass temposterk låt etterpå, er perfekt.
Det vert teke litt ned att med "Hvìla", er også veldig passande for gangen i plata. Her kjem også eit deilig midtparti, som igjen vert bygd opp, og som endar i eit mektig klimaks av lyd.Etter dette kjem "Hreggur", som har ein litt meir messande svartmetal-vibb over seg, men som også blandar seg hærleg med eit godt doom-riff, som til slutt vert total svartmetal, sett vekk frå vokalen, mot slutten. Intenst og mektig.
Tittelsporet "Móðurástin" følgjer opp tråden, og her kjem også svartmetall-skriket fram. Likevel er det mykje tyngde, og som på resten av plata, er det ein god miks av melodi, tyngde, og tempo. Dette sporet har også med ei kvinnelig stemme, som også er med på å gi låta god dynamikk.
Siste låt, "Dulsmàl", er ei monumental avslutting på plata, som startar med eit gamalt opptak av det som høyrest ut som ein tale på islandsk. Den 12 minutter lange låta vert så bygd opp på same kraftfulle måte som mange av dei andre låtene, og endar i eit intenst riff, før det heile stilnar ut.
Katla har med sitt debutalbum klart å skape ei nokså dynamisk doom-plate, noko som ikkje er dagligdags. Her er det noko for ein kvar smak, og alle som er glad i god metal, burde finne noko dei likar her. Siste halvdel vert kanskje tidvis litt for repetativ, men alt i alt er dette ein knakande god dose metal.