ARTIFICIAL LANGUAGE – The Observer

ARTIFICIAL LANGUAGE – The Observer

Prog-rock og prog-metal skal stort sett vere musikk som gradvis blir bedre med tida, men med Artificial Language’s "The Observer" var det omvendt for underteikna. Første gjennomlytt gjorde eit godt intrykk, men med nokre runder til vart det heile litt keisamt. Likevel er dette godt gjennomført prog-metal frå USA.

Artificial Language, som kjem frå Fresno, har haldt det gåande i om lag fem år, og "The Observer" er deira platedebut.  Den startar, som så mange andre prog-verk, med eit kort introspor, "Observer" som sett stemninga. Det er også, som seg hør og bør, ei historie som vert fortalt her, men akkurat kva den går ut på, er ikkje like enkelt å få greie på. Etter ein del gjennomlyttingar set eg att med noko om ein konge, dronning, og ein fyr som mot slutten av historia vert sprø av heile monarkiet.

Plata er med andre ord stappfult av alt det ein knyttar til prog; hyppige taktskifter, intrikrat gitarspel og følelsesladd vokal. For underteikna er det sistnevnte som er det som ofte kan bli for pompøst og øydeleggjande i moderne, melodiøs prog-metal, men heldigvis er Shay Lewis’ stemme akkurat så pompøs den skal vere i mine øyrer. Låtene og albumet er nydelig utført, og plettfritt produsert, og har ein del imponerande og fengjande instrumeltalparti. Det einaste som skil seg litt frå prog-sjangeren, er mangelen på dei lange låtene. Dette er absolutt ikkje negativt i seg sjølv, men det er likevel det lengste sporet, "Turn Off The Pictures", som kanskje er det sterkaste.

Så ja, det er flott gjennomført,  men dei mange soloane og vendingane kan verte noko slitsame gjennom ei heil plate, og lydbiletet vert noko einsformig. I tillegg er det vanskeleg å få skikkelig tak i tematikken og historia som plata som heilheit prøvar å formidle, slik som konseptalbum skal. Biletet ein set at med er likevel at dette er ein lovande debut, men at gjengen frå Fresno framleis har eit visst uforløyst potensiale.

https://www.facebook.com/ArtificialLanguageOfficial/