ROCK MOT RUS 2014 – Andenes, Idrettshallen

ROCK MOT RUS 2014 – Andenes, Idrettshallen

Festivalen Rock Mot Rus (RMR) starta med eit brak fredag 11 april i idrettshallen på Andenes. Festivalen er eit rusfritt arrangement for ungdommar og andre interesserte. Nealspring starta festivalen med god energi, god stemning og godt nøgde publikummarar som resultat. Nummer to ut på scena var den halvakustiske soulkvartetten Oh! Festivalsjef Svein Spjelkavik var raskt ute med å utrope tromsøgutta til hans personlige favoritt for dagen. Nydelige melodiar og vakker song frå fyrste andedrått. Oh! Slapp si fyrste plate «Stereosoul» for nøyaktig to veker sidan. Bandet imponerte og skapte gåsehudtendensar i salen.

 
f0738aa98c353597da8d9f233ce5809a.jpg
POPPA LARS live @ Rock mot Rus 2014
(Photo: Linda Lien Nordstrand)
 

Urørtvinner rap-artist Arif er neste mann ut, og etter han bergensaren Petter Skare Sundby. Sundby er meir kjent som Store P, og har fleire gongar blitt nemnt i diskusjonar om Norges beste rappar. Ein ting er vertfall sikkert; han er langt i frå ukjent for dei stort sett unge publikummarane. For her er det liv frå fyrste stund. Heilt plutselig flyt det av glowsticks i lokalet. Folk står tett fremst ved scena, ein god gjeng sitt bak i amfiet. Alt i alt veldig god stemning under heile konserten. I det Poppa Lars (med RSP, Oter og Klish)entrar scena litt over kl. 22 strømmar det til folk frå alle moglege retningar, heilt klart noko folk har venta på. Etter Poppa Lars kan vi rundt 23:15 finne Indiegutta frå Elverum (Team Me) på scena. Sist ute i kveld er midnattskonserten til Moddi og Katrine.

bb3e6bf0a559b1b1711477f672e7704e.jpg
ONDT BLOD live @ Rock mot Rus 2014
(Photo: Linda Lien Nordstrand)

På dag to er det meir liv og fleire ungdommar frå fyrste låt. Hardcore-bandet Ondt blod er fyrst ute denne dagen. Vi kan allereie no ane ein liten moshpit, som i løpet av konserten utvidar seg til ein på god størrelse. 19:05 er det tid for Carnival, og noko RMR har venta lenge på. Andenes’ store son David Pedersen kjent frå IDOL spelar på RMR for fyrste gong, og dette er heilt klart etterlengta. Han er no tilbake som vokalist i Carnival. Det verkar som om dei fleste både har høyrt om dei og kan dei aller fleste songane deira, for her er det allsong i salen. Dei blir veldig godt tatt i mot og avsluttar med «So long my friends», før dei må til med eit ekstranummer. Det kjem då ikkje som noko sjokk at det til publikum sin eleville jubel blir David sin «Wild At Heart» frå idoltida.

95d38dfe0898c694db09355d2f23009e.jpg
KVELERTAK live @ Rock mot Rus 2014
(Photo: Linda Lien Nordstrand)
 

Gårsdagen var prega av både hip hop, rap, soul, pop og innslag av rock. Medan dagen i dag er av det tyngre slaget. Klokka 19:50 går bandet Beaten to Death på scena. Oslobandet hadde alt dei trengde og litt til. Alt frå den trufaste fansen, headbanging og skrikandes jenter på fyrste rad. Også Tromsøbandet The Wolves går på scena til vill applaus. Etter dette er det tid for Bergens-bandet Audrey Horne, som går på scena som nest siste band på Rock Mot Rus. Kvelertak returnerer til Rock Mot Rus som headlinerar for andre gong, sist gong for tre år sidan i 2011. 30 minutt før dei går på tettar det seg framfor scena. Publikum kranglar om mikrofonen gjennom heile konserten, det er gloheitt i salen. Publikum er blodtørste etter meir. Kvelertak avsluttar årets RMR med ein av dei meste kjende songane, «Mjød». Det var ei verdig avslutning på årets festival.